Årets nynorskbrukar 2018
Årets nynorskbrukar 2018, generalsekretær John-Ragnar Aarset i Høgre.Foto: HumbersetFoto

Årets nynorskbrukar 2018

Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset fekk prisen Årets nynorskbrukar 2018 under opningshøgtida av Dei nynorske festspela 7. juni.

Han får prisen «for viljen til konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø der slike røyster trengst for å fremje nynorsk som sak og praksis», sa styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

– Eg ser ikkje på det å bruke nynorsk i dagleglivet mitt som nokon prestasjon. Men når eg får tenkt meg litt om, veit eg at eg prøver å gjere ein liten innsats. Litt i det små, kvar dag. Eg prøver å vere ein god brukar, ambassadør og inspirasjonskjelde for nynorsken, sa Aarset i takketalen sin.

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst – Som politikar er det strenge reglar for kva ein kan ta imot. Difor skal eg gi det materielle godset tilbake til pavsendaren, Nynorsk kultursentrum, som er ein utruleg viktig institusjon for heile nynorskveldet. De veit å nytte ressursane på ein god måte. Heder og ære skal eg derimot ta imot av heile mitt hjarte. Og det er det som trass alt har størst verdi., avslutta prisvinnaren.

 

Bryt med språklege konvensjonar

John-Ragnar Aarset (fødd 1973) frå Geilo har vore generalsekretær i Høgre sidan desember 2015. Han brukte bokmål i grunnskule og ungdomsskule på Geilo, men gjekk over til nynorsk på Hallingdal gymnas på Gol. I tidsrommet 2001–2008 hadde han ulike roller i stortingsgruppa til Høgre og fleire departement før han i fire år arbeidde i kommunikasjonsbyrået Gambit Hill+Knowlton.

I tillegg til verv som kommune- og fylkestingspolitikar var Aarset leiar i Unge Høgre 1998–2000 og landsstyremedlem i Norsk Målungdom 1992–1997. Han var styremedlem og varamedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 2004–2012 og leiar same staden 2012–2013.

Det er 19. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

 

Vurderte 47 kandidatar

Då styret i Nynorsk kultursentrum skulle ta avgjerda, hadde dei 47 kandidatar å velje mellom, mot 38 i fjor. Aarset nyttar konsekvent nynorsk i brev, rundskriv og pressemeldingar ut til lokallaga i partiorganisasjonen og til alle slag norske medium. Det er første gongen nynorsk blir nytta i administrasjonen i det partiet som historisk har hatt størst avstand til nynorsk i språkpolitikken.

– Som mangeårig rådgivar for Erna Solberg slo han ikkje ein dag av lampa utan nynorsk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Med sitt føredøme har han vore med på å bryte ned uvilje og fordomar mot nynorsk generelt og nynorsk som andrespråk. Aarset er ei viktig røyst i vår samtid og hevdar nynorsken godt som programsak og i levande praksis.

 

 

Årets nynorskbrukar 2000–2018

2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002 Ringstabekk skole

2003 Redaktør Martin Toft

2004 Musikkgruppa Side Brok

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad

2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010 Forfattar Maria Parr

2011 Bloggar Linda Sæbø

2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk

2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg

2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand

2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta

2018 Generalsekretær John-Ragnar Aarset, Høgre