– Kultur på sitt aller beste
Festspeldiktar Lars Mæhle og elevar frå dei lokale kulturskulaneFoto: HumbersetFOTO

– Kultur på sitt aller beste

Med ein svært allsidig festspeldiktar i spissen, har årets fire festspeldagar vore godt påfyll med foredrag og samtalar om festspeltemaet Tabu, stemningsfulle konsertar og spesielt mykje program for barn og unge. Det førebelse publikumstalet er 4044.

Hovudpersonen, festspeldiktar Lars Mæhle, fortel at han reiser heim frå Dei nynorske festspela 2017 med gode minne. – Eg vil alltid ha med meg bilde og inntrykk herifrå, frydefulle barneblikk, gode samtalar, musikk, ord og gode ansikt. Kort sagt: kultur på sitt aller beste, seier Mæhle.

Festspeltemaet tabu utfordra til samtalar og diskusjonar både på scena og rundt kaféborda mellom arrangementa. – Mykje av det som er sagt og gjort under Festspela inneheld både kunnskap, undring og opplevingar vi er stolte over å kunne gi gjestane våre, og det varmar at både publikum og utøvarar seier at dette er viktig, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan. Spesielt familiekonserten i samarbeid med lokale kulturskular har blitt trekt fram som eit viktig bidrag til den nynorske barnekulturen.

Ein allsidig festspeldiktar med eit brennande engasjement for barn og unge gav eit breitt tilbod til denne aldersgruppa. Arrangementa strekte seg frå litterær konsert, krimgåte, Lurivar-framsyning, via fotball til lesestunder på fleire stader i Ørsta og Volda.

Fire dagar med både tropevarme og pøsregn viste igjen på besøket på nokre arrangement. Regnet søndag bidrog nok til at mange heldt seg heime frå utandørsarrangementa. Mest besøkt var konserten med Stein Torleif Bjella torsdag kveld med 344 gjester. Det førebelse publikumstalet er 4044 og billettsalet er lågare enn budsjettert.

– Nokre færre arrangement enn i fjor og regn har truleg vore med på å gi oss det lågaste publikumstalet på fleire år. Når vi neste år flyttar Festspela til tidlegare i juni, er det også naturleg å sjå på om vi kan gjere fleire ting på nye måtar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet, som legg til at publikum gjennom årets spørjeundersøking har gitt Festspela gode karakterar.

Nytt i år var at nokre arrangement blei strøyma via Facebook-sida til Dei nynorske festspela. Det gjer at det framleis er høve til å få med seg nokre av samtalane og foredraga.

I år var det 48 arrangement i Ivar Aasen-tunet og rundt om i vertskommunane Ørsta og Volda.

 

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 26. gong

• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

• Om lag 70 medarbeidarar og frivillige avvikla 48 arrangement

• Over 100 utøvarar var med på Festspela

• Årsbudsjett på 2,2 millionar kroner

• I 2018 blir Dei nynorske festspela arrangerte 7.–10. juni