–Vil du vere frivillig på Festspela?

–Vil du vere frivillig på Festspela?

Det nærmar seg opning av Dei nynorske festspela. Fire stappfulle dagar med opplesingar, konsertar, samtalar og debattar samlar mykje folk, og innsatsen frå frivillige er svært viktig for å få det til å gå rundt. Torsdag 15. juni kl. 1930 er det møte for dei som skal vere frivillige og for dei som vil vite meir om kva det inneberer.

– Frivillige gjer kvart år ein fantastisk innsats, som er heilt avgjerande for gjennomføringa av fire innhaldsrike festspeldagar, seier kontaktperson for frivillige Anders B. Kalvatn i Ivar Aasen-tunet.

Som frivillig på Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. – Mange frivillige kjem att år etter år, noko vi set stor pris på og som syner at dette gir meirsmak, seier Kalvatn, som framleis treng fleire frivillige desse dagane. Det er eit flott høve til å vere der det skjer og oppleve ein festival både frå innsida og utsida.

– Under Festspela gjennomfører vi om lag 50 arrangement, tek i mot mange utøvarar, og utfører ei drøss små og store oppgåver. Som frivillig er du ei viktig brikke for at alt blir gjennomført etter planen, og gir det vesle ekstra, slik at både publikum og utøvarar, frivillige og andre på innsida, sit att med gode opplevingar, held han fram.

Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte, middag i kafeen kvar dag du er på vakt og avslutningsfest med mat og drikke.

Kanskje sit du på gjerdet og lurer på om dette er noko for deg? Kanskje har du hatt det i tankane i fleire år, men aldri fått det til å passe med timeplanen? – Ikkje ver redd for å ta kontakt, vi tek omsyn til når du kan jobbe, og arbeidsmengda er overkomeleg, avsluttar Kalvatn.