AVLYST: Eva Weel Skram
Foto: Stine Raastad

AVLYST: Eva Weel Skram

På grunn av ein operasjon på stemmebandet må Eva Weel Skram diverre avlyse konserten på Dei nynorske festspela 2018.

– Eg har i over eit år no slitt med stemma på grunn av polypp på stemmebandet, og har prøvd å bli kvitt den med å unngå å snakke i vekedagane mellom konsertane. Etter ein del stemmekvile i januar trudde eg dette skulle bli betre, men det har diverre blitt verre. No er einaste løysinga å operere bort polyppen, viss ikkje risikerer eg at den blir større. Operasjonsdatoen er sett til torsdag 19. april, og deretter følgjer 9 veker med tausheit og opptrening med logoped. Etter det skal stemma vere tipp topp. Eg er fryktelig lei meg for at eg dermed ikkje kan gjere konserter som i utgangspunktet er sett i denne perioden. Vonar de forstår og at eg kan få kome tilbake og gjere konsertane når eg er frisk igjen, seier ho i ei melding til publikum.

Publikumarar som har kjøpt billett får denne refundert.

Dei nynorske festspela blir i år arrangert frå 7. til 10. juni, i Ivar Aasen-tunet og på andre arenaer i Ørsta og Volda. Forfattaren Marit Eikemo er festpeldiktar og vil setje sitt spesielle preg på programmet festspeldagane. Heile programmet vart lansert onsdag 14. mars.