Endring i festspelprogrammet
Foto: Tove K. Breistein

Endring i festspelprogrammet

Hilde Kvalvaag har meldt forfall til Dei nynorske festspela 2018.

Kvalvaag skulle lese frå Lev vel, alle på Fugl Føniks i Ørsta fredag 8. juni kl. 11.30 og vere med i "Mødrer i litteraturen" laurdag 9. juni kl. 16.30 i Aasen-tunet. 

Til "Kaffi, bokstaveleg talt" på Fugl Føniks kjem Tharaniga Rajah, som romandebuterer til hausten.

I samtalen "Mødrer i litteraturen" vil festspeldiktar Marit Eikemo og litteraturvitar Marta Norheim samtale med Kristin Fridtun.