Festspelpass med «Alt inkludert»
Festspeldiktar Marit EikemoFoto: Ingvild Eide

Festspelpass med «Alt inkludert»

10 konsertar, 14 samtalar, 8 barnearrangement. Foredrag, arrangement i sentrum og mykje meir. Med festspelpasset kan du fire dagar til ende få med deg eit breitt program av musikk, litteratur, kunst og kultur under Dei nynorske festspela 7.–10. juni.

Til dømes boka «Alt inkludert» av festspeldiktar Marit Eikemo, som blir framført av skodespelarar frå Det Norske Teatret.Til dømes boka «Alt inkludert» av festspeldiktar Marit Eikemo, som blir framført av skodespelarar frå Det Norske Teatret.

– Festspelpasset er ei gåvepakke til alle kulturinteresserte, og kven er vel ikkje det? Vi garanterer sterke opplevingar, der du får påfyll av kunnskap, kritiske perspektiv og gode dosar med smil og latter, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.

Konsertopplevingar for alle

Festspelpass med «Alt inkludert»
Herborg Kråkevik, foto Mona Nordøy

Først ut er Frida Ånnevik i Aasen-tunet og Jon Olav på Rokken torsdag kveld. Fredag er Silje Sirnes Winje klar for festsprell med borna, og seinare på kvelden speler Sigrid Moldestad konsert i tunet. Laurdag kan du få med deg konsert-kabaret med Herborg Kråkevik, og tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen. På Aasen-stemnet søndag speler Susanne Lundeng nordnorsk folkemusikk og Frode Grytten er stemnetalar. I propellhallen i Volda presenterer Magnar Åm dei første framsyningane av operaen Kimen.

Festspelpass med «Alt inkludert»
Tharaniga Rajah, foto Oda Berby

Identitet er årets tema, og står sentralt i alle samtalar og foredrag. Her kan du mellom anna få med deg den nynorske litteraturhistoria av Jan Inge Sørbø, og foredrag om språk og katalansk identitet av professor F. Xavier Vila. Kristin Fridtun leiar samtalen om mødrer i litteraturen, der ein ser på tendensar eller mønster i korleis mødrer blir framstilte. Erlend O. Nødtvedt samtalar med Runar Gudnason om Vestlandet, og Tharaniga Rajah og Linda Klakken vil prate om korleis språket kan definere på godt og vondt. Tradisjonen tru blir det festspelfredag med Olav Hove og Arild Torvund Olsen, som vil presentere godbitar og sære saker frå den norske vinylsoga.

Med eit festspelpass rundt handa, kan den som har god kulturkondis få med seg nærmare 30 arrangement til langt under halv pris.

Kjøp festspelpass her