FESTSPELDIKTAR KNUT ØDEGÅRD

Bilete av Knut Ødegård
Festspeldiktaren 2024 Knut Ødegård. Foto: Fotograf Ma

Festspeldiktaren i 2024 er forfattar og poet Knut Ødegård. Ødegård, som bur i Molde og i Reykjavik, er kulturformidlar mellom Noreg og Island og ein forkjempar for menneskerettane. Han er den mest omsette nolevande norske poet, med diktbøker som er omsett til 42 språk. Ødegård har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og var mellom anna den første nynorskbrukaren som vart vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. 

I 2020 var Knut Ødegård med i prosjektet Stader for skrift som viser sju forfattarar gjennom tre ulike blikk – film, podkast og foto. 

FESTSPELA

Bilete Dei nynorske festspela 2019 konsert Mari Boine
Frå Festspela i 2019. Foto: Svein Olav Humberset

Festivalen Festspela har sidan 1992 vore ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Under Festspela får du møte aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Du får oppleve konsertar, teater, litteratur, og kunst. 

Det yrer av liv i Aasentunet under festspeldagane. Uteamfiet blir fylt med underhaldning for publikum i alle aldrar, med pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater og gudsteneste Inne i salen kan du oppleve teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Kafeen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker alle dagane. Som gjest på festivalen har du gratis inngang til museumsutstillinga heile helga. Museumsbutikken har som alltid gode Festspel-tilbod.  

Festspela har også arrangement andre stader i Ørsta og Volda desse dagane 

TORSDAG 8. JUNI

10.00     Tale ved Ivar Aasen-statuen    Ivar Aasen-statuen, Ørsta

11.30     Fagdag     Høgskulen i Volda

16.30     Opning – Festspelutstillinga     Kunsthuset, Ørsta

18.00     Opning av Festspela 2024     Utescena, Aasentunet

20.00     Konsert: Odin     Utescena, Aasentunet

22.00     Målbar: Bokbar med Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes     Peisestova, Møre folkehøgskule

FREDAG 9. JUNI

10.00     Premiere: Blindsone     Gymsalen, Møre folkehøgskule

11.15     Nyorsk som mediespråk     Møre folkehøgskule

12.00     Minneføredraget     Salen, Aasentunet

12.30     Festsprell: forfattarbesøk med Anders Totland     Ørsta folkebibliotek

13.00     Forfattaren les: Heidi Marie Vestrheim     Utstillinga, Aasentunet

13.30     Medietimen     Salen, Aasentunet

14.30     NORLA i samtale med Knut Ødegård     Salen, Aasentunet

15.00     Å skrive ein heim, med Maria Parr, Ingunn Thon og Sunniva Relling Berg     Salen, Aasentunet

17.00     «Koffor hvert vi så iriterte på skrive feil? »     Salen, Aasentunet

18.00     Forfattaren les: Maria Parr     Utstillinga, Aasentunet

18.30     Runar Gudnason og Jørgen Nordeng om dialekt og heim i rap     Salen, Aasentunet

21.30     Poesipub: Mari Kvien Brunvoll og forfattarar     Stødt, Ørsta

23.00     Målbar: Kviss med Store norske leksikon     Peisestova, Møre folkehøgskule

LAURDAG 10. JUNI

10.00     Forfattarbesøk: Knut Ødegård les     Fru Svendsen, Ørsta

12.00     Festsprell: Familiekonsert Kråkebollane     Utescena, Aasentunet

13.00     Festsprell: Barnebokbad Maria Parr     Salen, Aasentunet

14.30     Fosse på 1-2-3 ved Cecilie Seiness     Salen, Aasentunet

16.00     Debutantpraten med Monica Goksøyr og Ellen Harrison     Salen, Aasentunet

17.30     Forfattaren les: Inger Johanne Sæterbakk     Utstillinga, Aasentunet

18.00     Knut Ødegård og Lars Amund Vaage – heimstasden i litteraturen     Salen, Aasentunet

20.00     Konsert: Kari Bremnes     Utescena, Aasentunet

23.00     Målbar: Planet Ørsta i samtale med Egil Olsen     Peisestova, Møre folkehøgskule

SØNDAG 11. JUNI

11.00     Festspelgudsteneste     Utescena, Aasentunet

13.00     Jan Ove Ulstein og Knut Ødegård – livssyn i dikting    Salen, Aasentunet

14.15     Ivar Aasen-stemnet: Gabriel Fliflet – I lys loge     Utescena, Aasentunet

festspela-bilete

PRAKTISK INFORMASJON

Arena og parkering

Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca ein time med bil frå Ålesund sentrum.

Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen, men under Festspela har vi ikkje plass til alle.

Blir det fullt langs Indrehovdevegen, har vi avtale med grannar hos øvingsbana til NAF på andre sida av hovudvegen E39.

Rørslehemma

Under Festspela er det reservert tre parkeringsplassar for rørslehemma ved Indrehovdevegen. Diverre er ikkje parkeringa for rørslehemma i sjølve Aasentunet tilgjengeleg under Festspela, men alle som har behov for det får høve til å køyre opp i tunet. Bilen må deretter køyrast ned att. Treng du hjelp til dette, stiller vi gjerne opp. Vi reserverer elles alltid nokre plassar til rørslehemma nær scena i uteamfiet. Øvst i Salen på vestre side er det også plass til rullestolbrukarar.

Alternativ til bil

Generelt vil vi oppmode alle som har høve til å sykle, ta buss eller samkøyre med vener og naboar. Vi har eiga sykkelparkering, og busshaldeplassen Åsen er ikkje langt unna. Det går buss frå Volda og Ørsta minst éin gong i timen, og du kan orientere deg i FRAM-appen. Aasentunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet og parkeringsvakter i aktuelle periodar.

Transport

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda. 
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.

Ferjeruter Fjord 1 
Ferjeruter Tide

Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt. 

Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag. 
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund

Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.

Bussruter Nettbuss

Widerøe 
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo, 
dels direktefly, dels med mellomlandingar.

Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass. 

Flyruter Widerøe 


Norwegian og SAS 

Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.

Flyruter Norwegian
Flyruter SAS 

Overnatting og mat

Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping.

Her finn du arrangøren

BLI FRIVILLIG

Å vere frivillig under Festspela er både kjekt og sosialt arbeid, og ei unik moglegheit til å sjå kva som rører seg bak kulissene under ein festival. Som frivillig under Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Frivillig arbeid er òg ei nyttig erfaring å vise til om ein søkjer jobb eller liknande i framtida. 

Under Festspela treng vi hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, servering, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement og festspelfest med mat og drikke. Vi har teikna kollektiv ulykkesforsikring for frivillige. Denne gjeld dessverre ikkje dei som er fylt 70 år.

Dei frivillige er organisert i ulike grupper: 

Frivillig Arrangement 
Hjelpe til på arrangement som er på andre stadar enn i Aasentunet og bidreg med billettkontroll, møblering og anna organisering. 

Frivillig Born og unge 
Førebur aktivitetar og hjelper til der det trengs undervegs. 

Frivillig Tun 
Hjelpe til i butikk og kafé, med billettkontroll, og rydde uteområde. 

Frivillig Transport 
Køyre utøvarar til og frå flyplassen, hotellet og arenaer, varelevering og -henting. Vi har eigne bilar. 

Frivillig Rigg 
Førebuing til større arrangement treng fleire hender undervegs. 

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela ringjer du oss på telefon 70 04 75 70 eller sender ein e-post til post@nynorsk.no. 

SAMARBEIDSPARTNARAR

KONTAKT FESTSPELA

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.

Bilete av Tone Slenes

Tone Slenes

ARENALEIAR

70 04 75 93, 91 51 88 22 / e-post