Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Prisvinnar Harald Thingnes i NRK-sporten saman med juryleiar Solveig Barstad frå TV2.Foto: Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Harald Thingnes hadde akkurat fått beskjed om at oppussinga på badet vart ein dyr affære. Då kom telefonen om at han er årets vinnar av nynorskprisen for journalistar.

-Eg forstod ingenting då juryleiar Solveig Barstad ringde og lurte på kva eg skulle 8. juni. Heller ikkje då ho sa noko om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar ringde det ei einaste bjølle, fortalde Thingnes i takketalen under Dei nynorske festspela.

Han forklarte vidare:

-Eg heldt på med på å pusse opp heime, var heilt inne i den bobla, og hadde like før snakka med ein røyrleggjar som hadde ambisiøse planar for kjellaren min. Eg forstod ikkje alt han sa, men nok til å skjøne at dette vart dyrt. Minuttet etter ringde altså Barstad for seie at denne prisen er på mellom anna 50.000 kroner. Då vakna eg. Dette var TV2 Hjelper deg på sitt absolutt beste, sa prisvinnaren til stor latter frå salen.

 

Overskot av humor og forteljarglede

Harald Thingnes fekk fredag utdelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2018.

- Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, seier Solveig Barstad.

Ho er juryleiar og legg vekt på at det er leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som er Harald Thingnes sitt varemerke - same kva han rapporterer om.

- Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst, og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte, seier seier Barstad.

Mor tok turen heilt frå Vevring

Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år, og var før det tre år i nyhendeavdelinga i TV Norge. Han vaks opp i Vevring i Naustdal kommune, og i fylgje juryen nyttar han nynorsk normaltalemål med ein klar sunnfjordfarge.

Fredag var store delar av familien frå Sunnfjord samla på Aasentunet i Ørsta for å heidre prisvinnaren.

-For meg er det like rørande som å få prisen. Vevring er ikkje akkurat rett borti vegen her, og mor mi er fødd i 1930. Det varmar meg veldig at dei har reist så langt for meg, seier Thingnes.

Torer ikkje tulle med nynorsken

Sportsjournalisten har gjennom heile livet hatt eit sterkt forhold til nynorsk. Han hugsar tilbake til ungdomsskulen, då ei jente i klassen hans skifte hovudmål til bokmål.

-Det rokka ved heile identiteten min. Vi frå Naustdal i Sogn og Fjordane skal jo skrive nynorsk. Det var utan tvil ei vekkjar, seier Thingnes som ikkje ser det som eit alternativ å skrive noko anna enn nynorsk.

-Heller ingen av søskena mine har vike ein tomme frå nynorsken. Alle meldingar mellom oss er på nynorsk. Dei hadde nok reagert kraftig om eg hadde tulla med det – så det torer eg ikkje, smiler sunnfjordingen.

 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Blir delt ut årleg under Dei nynorske festspela i Ørsta.

Prisen er på 50.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk.

Føremålet er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.

I statuttane heiter det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

I juryen sit Solveig Barstad, i TV 2 (leiar), nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag og professor Øystein A. Vangsnes, ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet.