Lars Mæhle er festspeldiktar i 2017
Lars MæhleFoto: Tove K. Breistein

Lars Mæhle er festspeldiktar i 2017

Lars Mæhle skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 29. juni–2. juli neste år. Festspelpublikummet kan gle seg til å møte ein aktuell forfattar med ein svært mangfaldig forfattarskap. Mæhle skriv i fleire ulike sjangrar og til våren kjem han med to rykande ferske bøker – ei ungdomsbok og ei krimbok for vaksne.

– Eg blei veldig paff då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar. Litt stolt og glad og engsteleg på ein gong. Eg er spesielt glad for at barne- og ungdomslitteratur slik blir tema, og ser fram til å jobbe fram prosjekt saman med andre kunstnarar i dette feltet, seier festspeldiktaren sjølv.

Mæhle er busett i Oslo og forfattar på heiltid, men oppvaksen på Sunndalsøra. Han brukar framleis heimstaden som bakteppe og inspirasjon for mange av bøkene sine.

I forfattarskapen hans er det flest bøker for barn og ungdom. Det store gjennombrotet kom i 2009 med fantasyromanen Landet under isen. Mange kjenner nok også barnebøkene om dei sære typane Harry og Ivar og Leseløve-serien om Knoterud FK. – Med Mæhle som festspeldiktar, løftar vi fram både artige og viktige bøker for barn og unge, og Festspela vil også bere preg av hans særeigne blanding av humor, spenning og alvor, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Lars Mæhle er også manusforfattar for det nye musikkteateret Lurivar og det hemmelege skrinet, som vert vist for elevar på småskuletrinnet, som del av Den kulturelle skulesekken. I teaterframsyninga møter vår tunkatten Lurivar ein kunstmålar som elskar illustrasjonane i biletbøkene han har med seg. – Vi har ein god dialog med festspeldiktaren om programmet, og med ein så mangfaldig forfattarskap kan vi verkeleg boltre oss, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Dei nynorske festspela vil som tidlegare innehalde konsertar, litteratur, samtalar, kunst og eigne program for barn og unge. Festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 29. juni–2. juli 2017.

 

Festspeldiktarar 1994–2016

1994 Kjartan Fløgstad
1995 Halldis Moren Vesaas
1996 Paal-Helge Haugen
1997 Ragnar Hovland
1998 Jon Fosse
1999 Åse-Marie Nesse
2000 Rune Belsvik
2001 Brit Bildøen
2002 Einar Økland
2003 Marie Takvam
2004 Frode Grytten
2005 Edvard Hoem
2006 Olaug Nilssen
2007 Erna Osland
2008 Lars Amund Vaage
2009 Tove Bakke
2010 Rønnaug Kleiva
2011 Bjørn Sortland
2012 Arne Moslåtten
2013 Guri Sørumgård Botheim, Sigrid Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveen
2014 Agnes Ravatn
2015 Gunnhild Øyehaug
2016 Ruth Lillegraven
2017 Lars Mæhle