Olav Fykse Tveit til Festspela
Olav Fykse TveitFoto: Nikos Kosmidis / WCC

Olav Fykse Tveit til Festspela

Generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd, Olav Fykse Tveit, kjem til Ivar Aasen-tunet for å halde preike under festspelgudstenesta 2. juli. Luther-jubileet vil også setje sitt preg på denne søndagen.

Olav Fykse Tveit har vore generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd sidan 2010. Som leiar har han vore med å setje klimaendringane, fredsarbeid og flyktningekrise på sakskartet i det internasjonale samarbeidet kyrkjer imellom. Det bør difor passe svært bra at preiketeksten denne dagen er om Jesus og den rike mannen.

Tveit er i dag den norske kyrkjeleiaren med mest omfattande internasjonalt kontaktnett, i følgje Vårt Land. Dei siste 30 åra har han veksla mellom fagteologiske djupnestudiar, presteteneste på grasrotnivå og viktige nasjonalkyrkjelege oppgåver. Han har doktorgrad i teologi og har tidlegare vore sokneprest i Haram og arbeidd i Mellomkyrkjeleg råd i to omgangar, sist som generalsekretær. I 2015 blei han utnemnd til æresdoktor ved Hanshin University i Sør-Korea for sin «økumeniske visjon for eining, rettferd og fred».

Nye Luther-salmar

I samband med reformasjonsjubileet har festspelarrangøren også teke initiativ til å få omsett tidlegare uomsette Luther-salmar til nynorsk. Det var naturleg å ta kontakt med salmediktar og omsetjar Arve Brunvoll til ei slik oppgåve, den tekstforfattaren som har flest nynorsksalmar i den nye salmeboka. Han tok utfordringa på strak arm og resultatet får festspelpublikummet sjølv vere med å framføre.