Sterk kvinnerekke på Festspela
Foto: Anne Valeur, Mona Nordøy, Øystein Haara, Hege Flo Øfstaas, Agnete Brun

Sterk kvinnerekke på Festspela

Kor avgjerande er språket ditt for at du er den du er? Det er eit av spørsmåla Dei nynorske festspela skal prøve å gi eit svar på. Temaet for årets festival er Identitet, og kvinnene er sterkt representerte både i samtalar og konsertar. Frida Ånnevik, Herborg Kråkevik, Kari Veiteberg, Sigrid Moldestad og festspeldiktar Marit Eikemo er nokre av dei du vil møte i Ivar Aasen-tunet 7. til 10. juni.

Litteraturen både speglar og formar samfunnet. I året det sentrale nynorskforlaget Samlaget fyller 150 år, står naturleg nok litteraturen sentralt på Festspela.

– Vi ønsker å nytte jubileet til å sjå på historia, men også til å sjå framover. Det er særleg stas at det er ein av årets forfattardebutantar, Tharaniga L. Rajah, som skal halde opningstalen på Festspela, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Jan Inge Sørbø har skrive historia om den nynorske litteraturen. Kva har den nynorske litteraturen hatt å seie for ein nynorsk identitet, er spørsmålet Sørbø stiller i Ivar Aasen-minneforedraget fredag formiddag. Språket er også svært viktig for den katalanske identiteten. Det får vi høyre meir om når professor F. Xavier Vila frå Universitetet i Barcelona held foredraget Verda den vide laurdag foremiddag. 

Konsertar

Musikktilbodet inneheld tekstar på nynorsk og dialekt i fleire sjangrar, og utescena i Aasen-tunet er ein sentral konsertarena. Frida Ånnevik står på scena med band torsdag kveld, Sigrid Moldestad på fredag, Herborg Kråkevik laurdag og Susanne Lundeng trio søndag. I tillegg blir det konsert for dei minste med Silje Sirnes Winje fredag foremiddag.

Sterk kvinnerekke på Festspela
Jon Olav - foto: Martin Bremnes

I samarbeid med Rokken blir det konsert med Urørt-vinnar Jon Olav torsdag kveld. Fredag og laurdag presenterer Magnar Åm dei første framsyningane av operaen Kimen i Propellhallen i Volda. Laurdag kveld blir det også urframføring av tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen i salen i Aasen-tunet. 

Festspeldiktar på mange arenaer

Festspelpublikummet vil bli godt kjende med festspeldiktar Marit Eikemo som skal vere med på meir enn ti arrangement.

– Det er blitt eit strålande program med stor variasjon og med mange av mine favorittnynorskfolk. Eg gler meg! seier festspeldiktaren sjølv.

Du vil mellom anna møte Eikemo i samtale om eigen forfattarskap, og om mødrer i litteraturen med forfattarkollega Hilde Kvalvaag, bokmeldar Marta Norheim og forfattar Kristin Fridtun. Sjølv skal ho leie ein samtale om den munnlege forteljartradisjonen med den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson og rapparen Runar Gudnason.

Marit Eikemo kjem med ein ny roman i april, Gratis og uforpliktande verdivurdering. Han handlar om kjøp og sal av hus, og kva er då meir naturleg enn at ho les frå boka i eit hus som er for sal? I samarbeid med Sparebank1 eigedomsmekling tek Festspela med seg Marit Eikemo og Frode Grytten på ei heilt spesiell visning for lyttarar i ein bustad som treng nye eigarar. 

Eige program for skulane

I år, og åra som kjem, blir Festspela arrangert tidleg i juni, før sommarferien tek til for skulane. Det opnar for å utvide tilbodet til ei av dei viktigaste målgruppene, born og unge. Forfattarane Roald Kaldestad, Atle Hansen og Terje Torkildsen vil til saman møte nærmare tusen skuleelevar i Ørsta og Volda på dei to første dagane av Festspela. Elevar på Voldavidaregåande får eit nært møte med Linda Eide.

Sterk kvinnerekke på Festspela
Foto: Truls Horvei

– Vi synest det er veldig stas å kunne gi dette tilbodet til elevane heilt på tampen av skuleåret. Dei er alle gode formidlarar som engasjerer, og dei vil gi elevane gode opplevingar og bidra til å auke leselysta blant dei unge, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik. 

 

Mange samarbeidspartnarar

Årets utgåve av Festspela inneheld meir enn 50 arrangement, med både konsertar, litterære samtalar, opplesing, språkleg innsikt, kviss, plateprat og festsprell.

– Vi har jobba for å skape eit tilbod som vil femne breitt, samtidig som det held høg kvalitet heile vegen. At vi i år får samarbeide tett med så mange aktørar lokalt er svært inspirerande, seier Opsvik.

Dei nynorske festspela samarbeider om arrangement med svært mange aktørar både lokalt og nasjonalt. I år er det eigne arrangement i samarbeid med mellom andre Austefjordhelg, Det Norske Teatret, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, kulturskulane i Volda og Ørsta, Nynorsksenteret, Studenthuset Rokken, Sunnmøre museum, Volda sokneråd, Volda og Ørsta kunstlag, Ørsta sokneråd og Ørsta friidrettslag. 

Heile programmet finn du her.

Billettane er lagt ut for sal, og med eit festspelpass kan du få med deg svært mange gode opplevingar på dei fire festspeldagane.

Sterk kvinnerekke på Festspela
Festspelsignatur2018