2016: Ruth Lillegraven
Ruth LillegravenFoto: Paal Audestad

2016: Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven, forfattar som skriv episk og forteljande, både i dikt- og romanform. Lillegraven er festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2016.

Ruth Lillegraven er fødd 21. oktober 1978 i Granvin i Hardanger og er busett i Lommedalen i Bærum. Ho gjekk på Voss gymnas frå 1994 til 1997. Seinare har ho studert marknadsføring og informasjonsfag ved Norges Markedshøyskole (no BI) (1997–2000).

Lillegraven var informasjonsansvarleg i Det Norske Samlaget frå 2001 til 2007. I perioden 2007 -2015 var ho seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga til Samferdselsdepartementet, der ho skreiv talar og innlegg. Ho har arbeidd som forfattar sidan 2005, på heiltid sidan 2015.

Debutboka Store stygge dikt kom i 2005. I denne diktsamlinga legg ho seg nær det prosaiske, men det blir ikkje mindre poetisk av den grunn. Ho er snakkesalig, bruker mange ord og skriv uvanleg langt. Det direkte uttrykket er alt anna enn kryptisk og gåtefullt, men Lillegraven skaper like fullt undring og refleksjon. Samlinga tematiserer mellom anna kjærleik, oppvekst og det å flytte frå bygd til by. Seinare har Lillegraven gitt ut romanen Mellom oss (2011), som er ei episk slektshistorie, og diktsamlingane Urd (2013) ogManilahallen (2014).

I Urd fortel ho historia om Seselja og Cecilie, som lever i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Med enkle og elegante grep fortel ho ei ømt mellommenneskeleg historie og nyttar eit lite hus som knutepunkt for tida og historia mellom dei to kvinnene. Langdiktet Manilahallen handlar om Birgit Lerke, som er eit fiktivt namn for den første norske kvinna som offentleg stod fram med anoreksi. Dette er dokumentarisk og biografisk poesi som legg seg nær inn til kvardagslivet til hovudpersonen. Samstundes skaper Lillegraven vakre og attkjennelege bilete i eit enkelt, men verknadsfullt språk. Lillegraven har òg skrive fleire barnebøker i ein serie om syskjena Mari og Magnus og samarbeidd med ulike musikarar og kunstnarar. 

Lillegraven har omsett nokre dikt av den amerikanske poeten Ron Padgett i boksingelen Farvel, vesle Lettera (2013). Fram til 2013 sat ho i styret for avisa Dag og Tid.
I 2012 fekk Lillegraven pris frå Alfred Andersson-Ryssts fond. Året etter fekk ho Brageprisen for Urd. For same boka fekk ho òg Bokbloggarprisen i 2014.
Ruth Lillegraven er festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2016.

Kjelder

E‑post frå Ruth Lillegraven 2.3.2015
Forfattarprofil på Tiden Forlag: http://www.tiden.no/index.php?ID=Forfatter&counter=152 [lesedato 2.3.2015]

Peikarar

Intervju med Ruth Lillegraven på bloggen «Lines bibliotek»
Intervju med Ruth Lillegraven på bloggen til Deichmanske bibliotek

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 25.01.2016

Artikkelforfattar Eivind Myklebust, www.allkunne.no