Vil du vere med på laget?
Dei nynorske festspela 2017. Frivillige på "Kven drap presten i Valle?" av Lars Mæhle. Krimgåte for små og store på Volda bygdetun 30.6.2017. Samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum.Foto: Frode Pilskog

Vil du vere med på laget?

– Frivillige gjer kvart år ein fantastisk innsats, som er heilt avgjerande for gjennomføringa av fire innhaldsrike festspeldagar, seier kontaktperson for frivillige Anders B. Kalvatn i Ivar Aasen-tunet.

Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Dei nynorske festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Som frivillig på Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Vi treng hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og avslutningsfest med mat og drikke. 

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela fyller du ut skjemaet under.

Du kan også ringe oss på telefon 70 04 75 70 eller sende ein e-post til admin@aasentunet.no.

På førehand tusen takk!

 

Frivillig
    Artikkellesar