FESTSPELA 6.–9. juni 2024

Nynorsk kultursentrum er stolte av å no kunne presentere alle dei store konsertane til Festspela 2024. Festivalpassa er også tilgjengelege, og er spesielt eigna for dei som ønskjer å få med seg fleire postar på Festspela. Knut Ødegård er festspeldiktar og heile festivalprogrammet blir lansert i mars.  

Torsdag 6. juni

Opningskonserten på Utescena torsdag 6. juni er med Odin Staveland, under artistnamnet Odin. Han er for mange kjend som låtskrivar, vokalist og trommeslagar i VampI 2024 er Odin aktuell som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes.

Laurdag 8. juni

Bremnes har i løpet av 40 år etablert seg som ein av landets fremste artistar. Den prisvinnande tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og sterke tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning.

Søndag 9. juni

Søndagen kjem Gabriel Fliflet band, no med nye tekstar av forfattaren Kjartan Fløgstad. Under Ivar Aasen-stemnet får vi oppleve I lys loge, som er tingingsverket til neste års Vossa Jazz.

Torsdag 6. – søndag 9. juni

Festspelpass

Møt aktuelle forfattarar. Nyt konsertar ute i amfiet. Opplev teater, litteratur, musikk og kunst i Ørsta og Volda. Et god mat. Møt trivelege folk. Ver velkomne til Festspela!

Etter at du har kjøpt passet må du tinge plass på dei arrangementa du ønskjer å få med deg. Send ein e-post til post@nynorsk.no eller ring 70 04 75 70.

FESTSPELDIKTAR KNUT ØDEGÅRD

Bilete av Knut Ødegård
Festspeldiktaren 2024 Knut Ødegård. Foto: Fotograf Ma

Festspeldiktaren i 2024 er forfattar og poet Knut Ødegård. Ødegård, som bur i Molde og i Reykjavik, er kulturformidlar mellom Noreg og Island og ein forkjempar for menneskerettane. Han er den mest omsette nolevande norske poet, med diktbøker som er omsett til 42 språk. Ødegård har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og var mellom anna den første nynorskbrukaren som vart vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. 

I 2020 var Knut Ødegård med i prosjektet Stader for skrift som viser sju forfattarar gjennom tre ulike blikk – film, podkast og foto. 

FESTSPELA

Bilete Dei nynorske festspela 2019 konsert Mari Boine
Frå Festspela i 2019. Foto: Svein Olav Humberset

Festivalen Festspela har sidan 1992 vore ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Under Festspela får du møte aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Du får oppleve konsertar, teater, litteratur, og kunst. 

Det yrer av liv i Aasentunet under festspeldagane. Uteamfiet blir fylt med underhaldning for publikum i alle aldrar, med pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater og gudsteneste Inne i salen kan du oppleve teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Kafeen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker alle dagane. Som gjest på festivalen har du gratis inngang til museumsutstillinga heile helga. Museumsbutikken har som alltid gode Festspel-tilbod.  

Festspela har også arrangement andre stader i Ørsta og Volda desse dagane 

TORSDAG 8. JUNI

10.00     Blomar ved bauta    Ivar Aasen-statuen, Ørsta

10.00     Festspelopning     Salen, Aasentunet

12.00–16.00     Fagdag med Årets nynorskbrukar     Høgskulen, Volda

16.30     Opning – Festspelutstillinga 2023     Kunsthuset, Ørsta

18.00     Barnelitteraturpris     Salen, Aasentunet

20.00     Opningskonsert     Salen, Aasentunet

22.00     Målbar     Peisestova, Møre folkehøgskule

FREDAG 9. JUNI

10.00     Verda den vide     Samfunnshuset, Volda

11.00     Medietimen     Salen, Aasentunet

12.30     Ivar Aasen-føredrag     Salen, Aasentunet

14.00     Framtida Junior    Salen, Aasentunet

15.30     Det er forfattaren sjølv som les     Utstillinga, Aasentunet

16.30     Å skrive for barn     Salen, Aasentunet

18.00     Samlaget og Minotenks Forfattarskule     Salen, Aasentunet

20.00     Kunsten å kome heim     Salen, Aasentunet

23.00     Målbar     Peisestova, Møre folkehøgskule

LAURDAG 10. JUNI

10.00     Festspel i gågata med Festsprell     Vikegata, Ørsta

12.00     Voldadagen med Festsprell     Volda sentrum

12.00     12–konsert     Volda kyrkje

13.00     Lyden av Volda    Volda sentrum

??.??     Tingingsverket     Romedalen/Høgetua?

14.00     Det er forfattaren sjølv som les     Utstillinga, Aasentunet

14.30     Alt som skranglar     Salen, Aasentunet

15.45     Den nynorske barnelitteraturen i bilete     Salen, Aasentunet

17.00     Samtale med festspeldiktaren     Salen, Aasentunet

18.00     Det er forfattaren sjølv som les     Utstillinga, Aasentunet

20.00     Bjørn Eidsvåg    Uteamfiet, Aasentunet

22.30     Målbar – Fiskehuset    Peisestova, Møre folkehøgskule

SØNDAG 11. JUNI

11.00     Festspelgudsteneste     Uteamfiet, Aasentunet

12.45     Barnebokbad med Kari Stai    Salen, Aasentunet

13.30     Ivar Aasen-stemnet     Uteamfiet, Aasentunet

festspela-bilete

PRAKTISK INFORMASJON

Arena og parkering

Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Tunet ligg ca ein time med bil frå Ålesund sentrum.

Aasentunet har parkering langs Indrehovdevegen, men under Festspela har vi ikkje plass til alle.

Blir det fullt langs Indrehovdevegen, har vi avtale med grannar hos øvingsbana til NAF på andre sida av hovudvegen E39.

Rørslehemma

Under Festspela er det reservert tre parkeringsplassar for rørslehemma ved Indrehovdevegen. Diverre er ikkje parkeringa for rørslehemma i sjølve Aasentunet tilgjengeleg under Festspela, men alle som har behov for det får høve til å køyre opp i tunet. Bilen må deretter køyrast ned att. Treng du hjelp til dette, stiller vi gjerne opp. Vi reserverer elles alltid nokre plassar til rørslehemma nær scena i uteamfiet. Øvst i Salen på vestre side er det også plass til rullestolbrukarar.

Alternativ til bil

Generelt vil vi oppmode alle som har høve til å sykle, ta buss eller samkøyre med vener og naboar. Vi har eiga sykkelparkering, og busshaldeplassen Åsen er ikkje langt unna. Det går buss frå Volda og Ørsta minst éin gong i timen, og du kan orientere deg i FRAM-appen. Aasentunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet og parkeringsvakter i aktuelle periodar.

Transport

Aasentunet ligg like ved E39, midt mellom Ørsta og Volda. 
Frå Ålesund er avstanden ca 60 km. Frå Bergen ca 300 km.

Ferjeruter Fjord 1 
Ferjeruter Tide

Nattbuss frå Trondheim og Oslo til Volda og Ørsta kvar natt. 

Dagbuss frå Bergen til Volda og Ørsta kvar dag. 
TIMEekspress Volda–Ålesund–Molde–Kristiansund

Lokalbuss mellom Volda og Ørsta ein til to gonger i timen. Ca. 10 minutt å gå frå buss-stopp.

Bussruter Nettbuss

Widerøe 
Rutefly fleire gonger dagleg frå Bergen og frå Oslo, 
dels direktefly, dels med mellomlandingar.

Hovden flyplass ligg ca 1 km frå Aasentunet og 5 km frå Volda eller Ørsta sentrum. Frå flyplassen treng ein vanlegvis drosje eller privat skyss. Ca 10 minutt å gå til busshaldeplass. 

Flyruter Widerøe 


Norwegian og SAS 

Rutefly fleire gonger dagleg til Vigra flyplass utanfor Ålesund. Derifrå er det drygt 2 timars busstur til Ørsta og Volda.

Flyruter Norwegian
Flyruter SAS 

Overnatting og mat

Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping.

Her finn du arrangøren

BLI FRIVILLIG

Å vere frivillig under Festspela er både kjekt og sosialt arbeid, og ei unik moglegheit til å sjå kva som rører seg bak kulissene under ein festival. Som frivillig under Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Frivillig arbeid er òg ei nyttig erfaring å vise til om ein søkjer jobb eller liknande i framtida. 

Under Festspela treng vi hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, servering, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement og festspelfest med mat og drikke. Vi har teikna kollektiv ulykkesforsikring for frivillige. Denne gjeld dessverre ikkje dei som er fylt 70 år.

Dei frivillige er organisert i ulike grupper: 

Frivillig Arrangement 
Hjelpe til på arrangement som er på andre stadar enn i Aasentunet og bidreg med billettkontroll, møblering og anna organisering. 

Frivillig Born og unge 
Førebur aktivitetar og hjelper til der det trengs undervegs. 

Frivillig Tun 
Hjelpe til i butikk og kafé, med billettkontroll, og rydde uteområde. 

Frivillig Transport 
Køyre utøvarar til og frå flyplassen, hotellet og arenaer, varelevering og -henting. Vi har eigne bilar. 

Frivillig Rigg 
Førebuing til større arrangement treng fleire hender undervegs. 

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela ringjer du oss på telefon 70 04 75 70 eller sender ein e-post til post@nynorsk.no. 

SAMARBEIDSPARTNARAR

KONTAKT FESTSPELA

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.

Bilete av Tone Slenes

Tone Slenes

ARENALEIAR

70 04 75 93, 91 51 88 22 / e-post