Kjøp festspelpass

Du kan laste ned app for eBillett i App Store, arrangementsstad er Ivar Aasen-tunet.
 

Festspelpass for Dei nynorske festspela 2017
Festspelpasset gir inngang til alle arrangement og kostar kr 1600. Dei som kjøper festspelpass må også reservere plass til arrangement med avgrensa publikumsplass, og gjer det enklast med å sende bestilling til billett@aasentunet.no. De kan også ringje inn bestillinga på telefon 70 04 75 70.
Det er i alt 60 festspelpass som er til sals.
 
Familiebillettar
Familiebillett gjeld for inntil to foreldre og alle barn under 16 år.

Hente billettar
Du kan skrive ut billettar kjøpt på eBillett heime.
For billettar som blir tinga før Festspela pr. telefon eller e-post er hentefristen 3 dagar etter tinging.
Under Festspela er hentefristen for tinga billettar seinast 2 timar før arrangementet tek til for arrangement i Aasen-tunet. 

Teleslynge
Det er installert teleslynge i Salen i Ivar Aasen-tunet. Den fungerer best på dei midtarste setene på rad 2 til 4. 
Kulturrabatt for ungdom
Ordninga gir ungdom 25 prosent rabatt på kulturopplevingar og gjeld for ungdom i alderen 16-20 år.
Les meir om ordninga her. 
    Artikkellesar