Heime – Hæm
Frode Haltli, Ingebjørg Loe Bjørnstad, Guri Sørumgård Botheim, Ruth LillegravenFoto: Kjell Gunnar Polden, Benedikte Skarvik, Anders Aanes, Aasen-tunet

Heime – Hæm

Kva gjer at vi kjenner oss heime ein stad? Det kan du utforske gjennom poesi og musikk fredag.

Heimstad og tilknyting er viktige tema i festspeldiktar Ruth Lillegravens diktsamling Urd. Det er det også i tidlegare festspeldiktar Guri Sørumgård Botheims poesidebut, Heime mellom istidene. Botheim er frå Lesja, men bur i Trondheim.

– I Trondheim er heime snevra inn til eit inneområde, medan det på Lesja er fjella og eit stort område som kjennest heimleg, sa Botheim til Framtida.no då diktsamlinga kom ut.

I Salen les forfattarane sjølve frå diktsamlingane sine før Ingebjørg Loe Bjørnstad og Frode Haltli avsluttar med konserten Hæm. Songane du får høyre er skrivne av Ingebjørg Loe Bjørnstad på hennar eigen surnadalsdialekt. Haltli er ein internasjonalt anerkjend musikar med eit breitt repertoar. 

– Eg skreiv songane då eg som vaksen budde eit par år i Surnadal, der eg vaks opp, fortel Bjørnstad.

– Det var ikkje meininga å skrive om heimstaden, men i ettertid såg eg at det handla mykje om barndomsminne, om å bli vaksen og om å lure på kvar ein høyrer heime.

Inspirasjonen til å bli songar fekk Bjørnstad då ho for mange år sidan gjekk på folkehøgskule i Ørsta. Der våga ho prøve seg som vokalist.

– Så å kome tilbake og framføre dette materialet, blir også litt som å kome heim, seier ho.

 

Fredag 24. juni kl. 17.00–18.30
Salen, Ivar Aasen-tunet
Heime – hæm
Kr 250 / honnør, student og ungdom 200 / barn 150
Kjøp billett her