Kaffi, bokstaveleg talt: Aina Basso

Kaffi, bokstaveleg talt: Aina Basso

12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta

Hanna har rømt frå tukthuset i Christiania. No kjem ho til ein avsides gard på Finnskogen der det viser seg at dei treng hjelp i huset. Det dei tre karane som bur på garden ikkje veit, er at Hanna er av reisande slekt. Etter som tida går, får Hanna og yngste son i huset eit godt auge til kvarandre, men fordommar, frykt og sjalusi trugar med å kome i vegen for kjærleiken deira.

Finne ly er forfattar og historikar Aina Basso sin andre roman der taterane si historie dannar bakteppet. Forteljinga om Hanna er dikta, men Basso har gått grundig til verks med studiar i dei historiske kjeldene og skapt ei forteljing der alt som skjer, kunne ha skjedd. Fredag les ho frå Finne ly på Fru Svendsen i Ørsta.

 

Forfattar Aina Basso les frå Finne ly

Kr 70 / ungdom 50

Kjøp billett her

Les meir om Aina Basso på alkunne.no