Ivar Aasen-minneforedraget: Korleis kunne det ha gått?

Ivar Aasen-minneforedraget: Korleis kunne det ha gått?

10.00–10.45 Salen, Ivar Aasen-tunet

Kva språk ville vi hatt i Noreg dersom arbeidet til Ivar Aasen hadde falle på steingrunn?

– Det kunne jo ha gått heilt gale. Det manglar ikkje på språkreformatorar som aldri oppnådde noko som helst, seier dosent Jan Olav Fretland ved Høgskulen på Vestlandet. I år er det han som held det prestisjetunge Ivar Aasen-minneforedraget. Han vil prøve å sette Aasens arbeid i eit historisk perspektiv, iblanda litt alternativ historiespekulering og sideblikk mot utlandet.

– Det andre ytterpunktet er at det kunne gått som i Finland, der det dialektbaserte skriftspråket blei fleirtalsspråk, medan finlandssvensk blir brukt av eit mindretal, tilsvarande nynorsk hos oss.

Noko anna er korleis det faktisk har gått. Der spriker meiningane. Somme hevdar at fleire hadde brukt nynorsk viss ein hadde lagt meir vekt på eit normert nynorsk talemål i staden for at dialektane er det munnlege uttrykket for nynorsk. Andre meiner det er for mykje ulyst og tvang knytt til det å bruke nynorsk, og at alt ville gått betre med større språkleg valfridom.

– I foredraget vil eg gi mi eiga vurdering av dagens situasjon. Til sist ser eg litt på framtida. Peikar alle piler berre nedover? spør Fretland og røper at det meiner han ikkje.

– Det skjer faktisk ein del spennande på nynorskområdet i dag. Eg kjem til å bruke døme både frå Noreg og frå andre land i Europa.

 

Jan Olav Fretland, dosent, Høgskulen på Vestlandet

Kr 120 / ungdom 70

Kjøp billett her

Les meir om Jan Olav Fretland på allkunne.no