Litteratur med Landro: Festspeldiktaren
Lars MæhleFoto: Tove K. Breistein

Litteratur med Landro: Festspeldiktaren

14.00–14.45 Salen, Ivar Aasen-tunet

Han liker stramme rammer og tydelege målgrupper. Fredag fortel festspeldiktar Lars Mæhle om skrivinga si i samtale med Jan H. Landro.

– Når ein forfattar har ein så allsidig produksjon bak seg som Mæhle, gjeld det å få fram breidda, seier tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende, Jan H. Landro.

Like sidan 2003 har han hatt programposten «Litteratur med Landro» på Dei nynorske festspela. I år blir utfordringa å velje, for Mæhle har skrive alt frå barnebokseriar til noveller og vaksenkrim. Arbeidsmetoden hans er at han alltid har ulike prosjekt på gang så han ikkje skal gå tom.

– Eg tek ofte til med å setje rammer for meg sjølv. Då eg skreiv novellesamlinga Korea, bestemte eg at eg ville ha sju noveller, der den sjuande skulle vere like lang som dei seks andre til saman. Rammer driv assosiasjonar og opnar for fantasien, fortel han.

For nokre veker sidan sat Landro heime og fråtsa i Mæhle-bøker. – Det er ein forfattarskap som eg gler meg både til å dykke ned i og snakke om, seier Landro. Han stiller aldri til slike samtalar utan å ha lese alt.

 

Festspeldiktar Lars Mæhle i samtale med Jan H. Landro om forfattarskapen sin

Utdrag frå festspeldiktarens bøker

I samarbeid med Samlaget

Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 70

Kjøp billett her

Les meir om Lars Mæhle på alkunne.no