Den stille flokken

Den stille flokken

15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet

Lenge vart taterar i Noreg utsette for systematiske overgrep i statleg regi. I Salen laurdag ettermiddag samtalar forfattarane Lars Mæhle og Aina Basso om denne vonde delen av historia. 

Den stille flokken er tittelen på den nyaste krimromanen til festspeldiktaren Lars Mæhle. Boka kom ut i vår, og delar av handlinga er lagt til Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre. Der blei norske taterfamiliar internerte for å lære seg «den bufaste kulturen», som styresmaktene kalla det, med trugsmål om at borna ville bli tekne frå dei om dei ikkje var lydige.

– Svanviken låg ikkje langt frå Sunndal der eg voks opp, og var i drift fram til 1989. Likevel hadde eg inga aning om kva som skjedde der, fortel Mæhle.

Aina Basso er utdanna historikar. Ho har brukt taterane si historie som grunnlag for to romanar, Fange 59. Taterpige og Finne Ly. Begge handlar om konfliktar som oppstår i møte mellom kulturen til «dei reisande» og fastbuande nordmenn.

Samtaleleiar er folkloristen og forfattaren Thor Gotaas. Han har studert og mellom anna skrive fleire bøker om taterar og «loffarar», og om korleis haldningane til dei har endra seg over tid.

 

Laurdag 1. juli 15.00, Salen, Aasen-tunet

Festspeldiktar Lars Mæhle og forfattar Aina Basso i samtale med Thor Gotaas

Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 70

Kjøp billett her

Les meir om Lars Mæhle på allkunne.no

Les meir om Aina Basso på allkunne.no