Festsprell: Keeperen og havet
Maria ParrFoto: Agnete Brun

Festsprell: Keeperen og havet

11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek

Ein av godbitane i festspelprogrammet blir servert laurdag. Då får publikum høyre Maria Parr med den nye boka hennar, Keeperen og havet, som kjem ut på seinsommaren.

Det er ei storhending som mange har sett fram til. Sjølv ville forfattaren bruke den tida ho trong for å bli klar til å skrive meir frå universet ho skapte i debutboka Vaffelhjarte. Keeperen og havet er ei bok om at ting forandrar seg, og korleis ein kan hanskast med det.

– Den nye boka er ei annleis og sjølvstendig bok om dei same folka, fortel Parr.

Etter at ho skreiv Vaffelhjarte, har andre vore med på å utvide universet hennar gjennom tv-serien med same namn, musikk og teaterstykke.

– Alle desse uttrykka har gjort verda i boka rikare for meg òg, og dei syng med når eg skriv, fortel ho.

I Keeperen og havet er hovudpersonane blitt nokre år eldre enn første gongen Maria Parr dikta dei inn i verda. Arrangementet på Ørsta folkebibliotek høver difor best for barn i alderen 8–12 år.

 

Laurdag 1. juli kl. 11.00–12.00

Forfattarbesøk: Maria Parr

Høver best for born 8–12 år

I samarbeid med Nynorsksenteret

Kr 50

 

Kjøp billett her

 

Les meir om Maria Parr på alkunne.no