Kven er eg – og er det viktig?
Foto: Oda Berby, Kristin Aafløy Opdan

Kven er eg – og er det viktig?

15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

Vi blir definerte og definerer oss sjølve gjennom språk og orda vi vel på godt og vondt.

Kristin Fridtun er kjend for mange gjennom språkspalta si i Dag og Tid, og er aktuell med boka Homoflokar. Linda Klakken har markert seg med å skrive om det skeive livet i det streite Noreg både for vaksne og barn.

Barneboka Dumme, dumme hjarte handlar om forelsking mellom to jenter. Lyrikkdebuten hennar, Mamma, kone, slave, vart av Dagbladet og Bokmagasinet kåra til ei av årets beste bøker i 2013. Tharaniga Rajah er skribent og debuterer i september med Det er lenge til skumring. Tharaniga har sjølv tamilsk bakgrunn og har vakse opp på Moi.

– Høyrer vi noko ofte nok, støyper det spor i hjernen, og det krev arbeid å få hjernen til å gå ein annan sti, seier ho.

Dei tre kvinnene møtest til samtale om identitet og korleis språket kan definere på godt og vondt. Samtaleleiar er Per Magnus Finnanger Sandsmark, redaktør for Allkunne.

Arrangementet er i samarbeid med Allkunne.

 

Fredag 8. juni

15.00–15.45

Salen, Ivar Aasen-tunet

Kven er eg – og er det viktig?

Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

Kjøp billett