Mødrer i litteraturen
Foto: Agnete Brun, Tove K. Breistein, Silje Krager

Mødrer i litteraturen

16.30–17.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80

Marit Eikemo og Marta Norheim møter Kristin Fridtun til samtale om mødrer i litteraturen.

I dei to siste bøkene sine skildrar festivalforfattar Marit Eikemo to mødrer: ei åleinemor som flyttar til ein ny stad utan så mange personlege eigedelar i Alt inkludert, og i den siste boka hennar ei mor som har funne draumehuset i Gratis og uforpliktande verdivurdering.

Marta Norheim er litteraturkritikar i NRK og har skrive fleire bøker om norsk samtidslitteratur, seinast Oppdateringar frå lykkelandet i fjor.

Kristin Fridtun er spaltist i Dag og Tid og har gitt ut fleire bøker om språk og kjønn.

– Vi skal snakke om litterære mødrer som fascinerer og engasjerer, og spørje om dei ser nokre tendensar eller mønster i korleis mødrer blir framstilte, avslører Kristin Fridtun.

 

Laurdag 9. juni

16.30–17.15

Salen, Ivar Aasen-tunet

Mødrer i litteraturen

 

Kr 150 / honnør 100 / student og ungdom 80 

Kjøp billett