Kva skjer
Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.
Elevkonsert med Ørsta kulturskule
Tysdag vert det konsert i Aasentunet med elevar frå Ørsta kulturskule. Her får publikum høyre mange flotte innslag med til saman åtte ulike instrument, så vi håper mange vil ta turen.
Teaterframsyning: Trykk i kabinen
Dramagruppa framfører stykket om det vesle flyselskapet MJN Air. Ta turen til Aasentunet for ei sprø framsyning høgt oppe i lufta. Speletid: om lag 2 timar + pause.
Dei sju dørene
Agnes Ravatn i samtale med programansvarleg i Ivar Aasen-tunet, Olav Øyehaug Opsvik.
Salen, Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettarDialektferda
Journalist og forfattar Håvard Rem har gjennom 2019 reist landet rundt i Ivar Aasens fotspor, og tysdag 26. november går ferda heilt heim til kjelda til det heile: Ivar Aasen-tunet. Her møter han Runar Gudnason frå Side Brok til samtale om språkleg arv, identitet, inspirasjonskjelder og korleis livet i Danmark leia han «heim» til røtene, til ein spennande rapkarriere og ambassadør for nynorsk og dialekt.