William Ewart Gladstone.

 

(Del 1 av 3.)


Faae Namn hev no for Tidi so god Klang som Gladstone sitt. Ingen av dei nolivande engelske Politikarne hev soleis som han vakset i hop med den politiske Kjensla hjaa Folket. Dette kjem vel mykje derav, at han i so lang Tid hev voret med og arbeidet. Eit halvt Aarhundrad sidan var han ein av dei fyrste Talararne i Underhuset, og no er han Føraren i det. Og i alle desse Aar hev det ikkje voret nokor stor Sak uppe, utan han hev voret med i Avgjerdi hennar. Og etter som Tidi hev gjenget, hev hans store politiske Kunnskap, hans overlag store Arbeidskraft og hans ypperlege Talegaavur gjort han meir og meir elskat av Engelskmennerne. Men det som mest av alt hev gjort han til det, han er, er den ægte engelske Utviklingi hans. Han hev støtt strævat og arbeidet seg framyver – trass mykje Ovtru og Fordom. Han hev arbeidet seg fram fraa aa vera Kjælebarnet aat Høgre til aa verta paalag radikal. Men han hev støtt hugsad paa, at det stod ein Flokk bak, som han skulde hava med. – Han viste, at det som hindrad dei i dag, hindrad han igaar. Difor vart han og Kjøt av deira Kjøt _ _, Folket sin William.

 

 

I.

 

William Gladstone er fødd 1809 i eit rikt og borgarlegt Hus. Far hans, John G., var ein av dei største Kaupmenner i Liverpool og dessutan hadde han eit Namn som Politikar der ikring. Ein av dei Menn, som færdadest mest i Huset hans, var Canning, ein av Englands største Statsmenn. William G. vart mykje paaverkat av han. John Gladstone vilde, at Son hans skulde faa so god Upplæring som det var Raad aa faa for Pengar. Difor sende han han fyrst til Eton og sidan til Oksford. Men her var lite aa læra, allvist for det praktiske Livet. Ein lærde litt Teologi og so berre Gresk og Latin. Men til all Lukka so hadde dei ikkje meir enn 11 Timar Skule i Vika. Resten av Tidi hadde dei for seg sjølv, og det var Gutar, som forstod aa bruka ho. Eton Gutarne hev alltid havt Ord for aa vera snøgge Karar, og det var ikkje Skulearbeidet, men Idrætter, som gjorde ein Gut namngjeten. Korleis Tilstandet var, fær ein Greide paa av Ordskiftet i ei Nemnd, som skulde granska det høgare Skulestell i Eton. Formannen spurde Lord Morley (han hadde voret Elev paa Skulen) um det var sant, at dei gjorde Narr av ein Gut, naar han var flittug i Skulen. Han fek til Svar: ”Nei, ikkje naar han hellest var noko til Kar”.

 

Men det var ikkje berre Sporten, som skulde til for aa vinna Heider. Dei dreiv og paa med Ordskifte, skreiv Dikt og politiske Stykkje i Skulebladet. Gladstone var beste Karen her. Eingong skreiv han 17 Artiklar i eit halvt Aar. Han skreiv um ymse Ting: eit Dikt um Rikard Løvehjarta, ein Avhandling um ”Veltalenhed”, ein Lovtale yver Canning o. s. fr. Mykje av det, han daa skreiv, kjenner ein att enno. 17 Aar gamall skreiv han: ”Ein heppen Eksamen, eit Tilbod fraa Ministaren, ein Statsraadsplass, ja sjølv Plassen som Fyrsteministar, er det ein ung Gut med Tru paa Framtidi best likar aa halda for Augo”.

  

I 1827 reiste Gladstone fraa Eton til Oksford. Alt medan han gjekk paa Skulen i Eton, hadde han havt aristokratisk Umgang. Det fekk han i Oksford og. Paa den Tidi var det ikkje ”fint” aa vera liberal, og so snart Gladstone elder Venerne hans kom til tala um Religion elder Politikk var dei svært varsame.

 

I Oksford var det eit Samtalelag, der fleire Studentar var med. Det var liksom ein Forskule for Parlamentet, og mange av dei gjævaste Politikarar i England hev voret med i han. Eit Forslag vart framlagd, ordskiftat fraa alle Sidur og tilslutt avgjord ved Avrøysting. Gladstone var snart ein av dei fyrste her, og her var det han vann dei fyrste Sigranne sine. Han var fyrst Skrivar og seinare Formann. Ofta fekk han skriva i Boki, at Framleggi hans vart vedtekne under ”stormande Hurraroping” elder ”langt Bifald”.

 

Gladstone vart ikkje lenge i Oksford. 1831 avsluttad han Studiarne sine med Glans og reiste til Fastlandet, noko kvar engelsk Gentlemann maa gjera minst ein Gong. – Han foor fraa England i Januar 1832 og vart burte eit halvt Aar. – Det var dei stridaste Dagarne av Reformkampen, den største Strid i England i dette Aarhundrad, som Gladstone soleis ikkje fekk vera Vitne til. Han foor til Italia, men det ser ikkje ut til, at Reisi hans hadde nokor Verknad paa hans seinare Liv.

 

Nett som han heldt paa med aa granska gamle Kunst- og Oldtidsminner fekk han Brev fraa ein Ven. No fekk han anna aa tenkja paa.

 

Underhuset var uppløyst etter at Parlamentsreformen¹) hadde gjenget igjenom og nytt Val skulde haldast. Paa baae Sidur var det Uro. No skulde det syna seg, um dei liberale hadde so mykje Gagn av den nye Valloven, som dei hadde vonat og um Høgre hadde noko aa ræddast for. Torylordarne var sinnad og gjorde alt, dei kunne for aa stydja Høgre. Ein av dei grumaste, Hertugen av Newcastle, hadde siste Valet maattet sjaa paa, at Vinstre sigrad i ”hans eigen By”, Newark, og han saag seg no um etter ein høveleg Mann til det nye Valet.

 

Han valde Gladstone, som daa berre var 23 Aar gamall.

 

Daa Gladstone kom til Newark, vart han ikkje, som ventande var, motteken med Fagnarop. Dei konservative, som heilt stod under Hertugen og for Mesteparten livde av hans Naade, stydjad han nok alt dei kunne, men han hadde Fleirtalet av Veljaranne mot seg. Personleg gjorde han eit godt Inntrykk: den sterke Pannen, dei djupe, myrke Augo, hans Ungdom og Kraft likad alle godt. Helder ikkje kunne dei nekta, at han hadde stor politisk Kunnskap og gode Talegaavur, men dei likad han ikkje lell. Berre det, at Hertugen vilde tvinga han paa dei, var nok for dei til aa vraka han. Det var nettupp so vidt, han vart valt den 11te Desember 1832.

 

Fraa den Tid høyrer Gladstone med til Landet si Soga. Aa skriva um Livet hans er aa skriva upp Englands Soga dei siste 50 Aar. Dett kann det ikkje verta Plass til her. Me lyt taka det stykkjevis.

 

(Meir.)

 

 

¹) Sjaa um dette i ”Fraa 1830 til 1850” Side 107 og utyver.

 

 


Frå Fedraheimen 14.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum