Om Jury.

 

(Del 1 av 3.)

 

Det gjeng seint og seigt her i Landet, naar noko nyt og storvegjes skal setjast i Verk. Folk heng liksom fast i det Gamle, som dei hev fengjet Vane paa, um det tidt er ravgalet Verst er det med sovoret, som bryt inn paa det gamle Embætsverk og døyver ned paa Embætsmagti. Daa vert det Skrik og Skraal liksom det var Brot mot den høgste Heilagdomen. Fraa 1814 til no hev der av og til voret strævat med aa faa skipat Jurydomstolar i Lovbrotssaker, men faafengt hev Strævet voret til denne Tidi. Men no ser det ut til at Saki skal vinna Framgang. Der er komet Framlegg fraa Kongen, og Justitskomiteen No. 1 er no ferdug med si Innstelling. Den vil snart koma fyre i Tinget.

 

Det vert fullt Umbrigd i Maaten aa føra Lovbrotssaker paa. No skal der veljast Bønder og Byborgarar til aa vera med dei Lovlærde – Juristarne – og døma. Og so skal det gamle Inkvisisjonssystemet skaffast av og i staden for det førast inn den Maaten, dei kallar Klagemaalssystemet.

 

Inkvisisjonssystemet er so, at Domaren liksom hev Andsvaret for, at den, som er skuldad for Lovbrot, skal verta dømde i Straff. Domaren hev liksom Rett til aa fara med den, som er mistenkt, mest som han vil, for aa faa fram Prov elder Bevis mot han. Verst er det med Forhøyr – Fyrehøyringi. Daa kann Domaren bruka alleslags Kunster for aa faa den, som er mistenkt, til aa fortala seg. Han kann lokka og narra og skræma, og han kann setja liksom Snarur for aa faa fangat den mistenkte i Ord og faa han inn i ugreid Forklaaring.

 

Dette hev sett som ei Rædsle i Folk, so mange ber ei Otte i seg for at den skuldlause kann koma til aa lida. Det er eit Ordtøkje, som er so: ”Den, som er so ulukkeleg aa koma i Klørne paa Justitsen, han slepp ikkje uskadd derifraa um han er skuldlaus, um han ikkje er fullt so rein som ein Engel”.

 

Det er dei Lovlærde, som no skyner og dømer i Alt. Retten er no soleis, at naar Ein vert klagat, so skal Skrivaren paa Landet elder Politimeistaren i Byen halda Forhøyr. Der maa møta alle, som vert innkallad, og segja det, dei veit. Deira Forklaaring vert uppskrivi. Dersom den Skuldige i eit og alt stend til det vonde, han hev gjort, so fær han straks Dom paa seg. Men vil ingen standa til aa hava gjort noko vondt, so skal Amtmannen sjaa yver Forhøyret og avgjera, um der er Grunn til aa straffa nokon. Finn han daa dette, so nemner han Namnet paa den Straffskuldige og vel ut ein Sakførar til aa føra Saki mot den Skuldige og ein Sakførar til aa forsvara han. So stemner dei til Saki for retten. Vitni gjer Eid paa si Forklaaring og alt vert uppskrivet, som ikkje fyrr er innført i Forhøyret. Sakføraranne gjev sine Innlegg og Saki gjeng til Doms. Tidt hender det, at Domaren sjølv ikkje hev noko Greide paa Saki, fyrr han skal til aa døma, men at ein ung eidsvoren Fullmegtig hev styrt med Rettsforhandlingarne.

 

Domaren les daa alt, som er uppskrivet, og deretter skal han døma um den, som er under Tiltale, hev gjort det, han er skuldad for, og tillike um han hev gjort det med vond Hug elder berre eav Vanvare elder av Uvitugskap, so han ikkje viste, at han gjorde noko vondt. Vil ein, som vert dømd i Straff, ikkje godtaka Domen, so gjeng saki til Yverretten og so til Høgsterett. Domar, som dømest av Kristiania Byrett, gjeng beint til Høgsterett. Dei høgre Retter hev ikkje anna aa døma etter, etter det som er uppskrivet i Forhøyret og sidan under Saki si Gang.

 

Dei ser ikkje Tiltalte, dei høyrer ikkje hans Forklaaring og Vitnemaali; dei kjenner ikkje Skikk og Sed og Livsvilkor i Bygderne, men likevæl er det deira Meining, som skal vera den gjeldande, ikkje berre i Lovtolking, men og um alle Livsvilkor, som maa takast med i Spursmaalet um Lovbrot og Straff.

 

Juristarne sett Paatalen iverk, dei driv Saki og dei dømer; alt gjeng etter deira Hovud.

 

Det er ei stor Magt aa gjeva nokre faa Menner i Landet. Um dei gjer det rettaste og beste, dei kann, so er det mange Ting, dei ikkje skynar seg paa; det er ikkje nok aa vera Lovlærd for aa verta ein god domar i Straffesaker. Der maa og krevjast Røynd i mange Livsens Tilfelle og Kjennskap til Folks Grunntankar, Skikk og Sed.

 

Og dersom daa alle desse Embætsmagter og Embætsdomarar tok Ulag og tolkad Loven til Bate for si Meining i alt og dømde Folk i Straff, som ikkje var lyduge under eit Hardstyre av ei streng Regjeringsmagt, so saag det ille ut for Fridomen. Det er no ikkje trulegt, at slikt skulde henda her, men likevæl er det best aa vera hugheil for at det aldri kann ske.

 

Dette hev me dreget fram av den gjeldande Rett for at det kann vera til Lette naar det Gamle skal liknast i hop med Framlegget um den nye Ordning.

 

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 30.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum