Bibelomsetjing

Sitat

I 1881 løyvde Stortinget dei første offentlege kronene til utgiving av bøker på landsmål. Det Norske Samlaget fekk 1000 kroner til ei prøveomsetjing frå Det nye testamentet. Oppdraget med å omsetje Paulus’ brev til romarane gjekk til Blix. Han tok på seg oppgåva, men stilte eit krav: Ivar Aasen måtte vere med. Etter 25 korte og lange arbeidsmøte i husværet til Aasen i Holbergs gt. 23, til tider dagleg, var omsetjinga ferdig i februar 1882. No var det mest eit tidsspørsmål før heile Nytestamentet kunne liggje føre på landsmål. Johannes Belsheim, Matias Skard og Elias Blix delte på arbeidet.  
    Dei hadde éin dei kunne spørje til råds. Dei fór og fann han ofte. I dagboka noterte Aasen over 150 besøk berre av Elias Blix frå sommaren 1882, då arbeidet tok til, fram til verket låg føre i 1889. Alt gjaldt nok ikkje bibelomsetjinga, men i lange periodar var det daglege konsulteringar.
Ottar Grepstad,Viljen til språk, 2006, 107 f.
 
Hadde me fengje ei slik umsetjing paa reformationstidi, so hadde mangt vore annarleides i Norig no, og iser vilde det set annarleides ut ved mang ei daudsseng.
Ivar Aasen til Elias Blix då Det nye testamente var ferdig omsett til landsmål i 1889, referert av Elias Blix i tale i Frimurerlogen i Christiania 19.5.1901, sitert etter Den 17de Mai 21.5.1901
 
Det var ikkje lett å finne det rette ordet når Blix skulle tale om religiøse emne som folk einast kjende frå dansk. Han skulle både dikte og kome med framlegg til nynorske ord for religiøse grunnomgrep. Mange salmar var dikta over bibelske tema og brukte ord og vendingar frå Bibelen. Blix hadde ingen landsmålsbibel å stø seg til, men måtte finna fram til orda på eiga hand. Då var det ikkje alltid han fann det rette ordet med ein gong. Blix saumfor salmane sine for kvar ny utgåve.
Reidar Djupedal i Elias Blix,Der eit fjell stig mot sky, 1968, s. 199 f
 
Det norske Folk har Raad til at bortskusle Tusinder og atter Tusinder til Udgivelse af den hellige Skrift paa det saakaldte Landsmaal, et Maal som Ingen taler, Faa læser og Færre forstaar, men til at skaffe det arme trukkede og plukkede Folk Bibelen paa sit Modersmaal, nei dertil har det same norske Folk ingen Raad.
Biskop Johannes N. Skaar i brev til Bibelselskapets Centralkomite 15.3.1887, sitert etter Anders Aschim,Ein betre vår ein gong, 2008, s. 396
 
Etter som kyrkjemålet vart meir brukt, merka folk at det kunde vera både høgtidlegt og fagert. Men so kjem det krav om å få det lettare og ledugare og meir livande. No turvte ein ikkje lenger ræddast at det skulde vera for simpelt.
Ragnvald Indrebø, ”Fedrane kyrkja”,Det Norske Samlaget 1868–1968, 1968, s. 167
 
I bibelomsetjinga var det om å gjere å representere grunnteksten så godt som råd, samtidig som det målspråklege resultatet skulle vere attkjenneleg som ein tradisjonell bibeltekst. Strategien var vellukka på den måten at den lærde verda fann resultatet akseptabel, og landsmålet hadde fått ein høgstil. Men først i neste generasjon våga nynorske bibelomsetjarar, framfor alle Alexander Seippel, å utvikle ein verkeleg jordnær og talemålsnær bibelstil som er meir i slekt med salmediktinga til Elias Blix.
Anders Aschim,Uavslutta vitskapleg etterskrift, 2010, s. 655