Til Stefan Frich

(Dikt, 1931)

Av Olav Aukrust

Heil og sæl og sytti år
veit du vel, at det er vår
no i Norig - trass i alt ...
Jamen var det audt og kaldt,
ilt og ulvut mang ein gong,
smått med sol og sigersong;
men du gavst ikkje attende,
hjarteglødd deg sjølv du brende, -
med ditt raude, norske skjegg
gjekk du på med øks og egg;
for i slik ei héto-rid
jamvel  du laut velja strid, - -
endå kamp, av hardhug runnen,
høvde 'kje for deg i grunnen.
Og det trongst ikkje for deg:
gode grunnar greidde seg.
Du er av dei kvite prestar,
som til sine tider gjestar
folkedjupet i eit land.
Kulturmann og kristenmann -
ein av deim, som går og sår
i ein nyvekt folkevår ...
jamen var det audt og kaldt -
norske vismenn gjekk og svalt!
Huff, den norske vår var lang,
hard og strid og vond og vrang, -
huff, den norske vår er sterk!
går so djupt, og gjer slikt verk,
at det tykkjest uråd, slikt!
Men han skriv sitt ville dikt,
skriv med store skriulaup,
skjenkjer i sitt fulle staup,
ris med gras og skog og knupp,
reiser seg med velde upp, -
fulle staupet lyfter eg:
Kjære Frich - ei skål for deg!
- Ja, den norske vår er kjær,
kjem til sist med signa vêr,
himmelblå og mild og rik, -
ja, du veit det, kjære Frich -
du, som gjekk her varm og sådde,
medan uvêrsfuglan' spådde, - -
medan frosten endå rådde,
gjekk du kvass og bratt og rák,
gjekk du vis og vár og spák,
heil i truskap, sæl i tru -
slik ein våronns-kar var du!
Glad eg rister helsingsruna,
den, som tru er, han fær kruna.
Fulle staupet lyfter eg:
Stefan Frich, ei skål for deg!
Helsing frå den norske vår -
heil og sæl og sytti år!
 
 

Frå Norske terningar. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag 1931. Side 38-40. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad