Vil du vere med på laget?
Dei nynorske festspela 2017. Frivillige på "Kven drap presten i Valle?" av Lars Mæhle. Krimgåte for små og store på Volda bygdetun 30.6.2017. Samarbeid med Volda bygdetun, Samlaget og Norsk folkemuseum.Foto: Frode Pilskog

Vil du vere med på laget?

– Frivillige gjer kvart år ein fantastisk innsats, som er heilt avgjerande for gjennomføringa av fire innhaldsrike festspeldagar, seier kontaktperson for frivillige Anders B. Kalvatn i Ivar Aasen-tunet.

Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Dei nynorske festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Som frivillig på Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Vi treng hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og festspelfest med mat og drikke.

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela ringjer du oss på telefon 70 04 75 70 eller sender ein e-post til admin@aasentunet.no.

På førehand tusen takk!