Tilbake til alle arrangement

Diktarvandring i Romedalen

laurdag, 17. oktober 2020
Stein Versto og Hilde Myklebust – vandring i Romedalen

Dei nynorske festspela inviteret til diktarvandring i Romedalen med festspeldiktar Stein Versto og Hilde Myklebust. Vi møtest ved Kubbestøylen, som er den første setra ein kjem til i dalen, og går vidare derifrå framover dalen. Det er parkeringsplassar ved setra. Undervegs vil diktarane fortelje om poesi og natur og lese relevante dikt frå sin eigen forfattarskap. Velkomen til eit arrangement rikt på kultur- og naturopplevingar!

Det er avgrensa plass til arrangementet, og vi legg opp til at alle skal kunne halde avstand og samtidig sjå og høyre forfattarane. I tillegg til billett til arrangementet er det bomveg i Romedalen med pris kr. 45 per bil. Det er høve til å nytte Vipps. 

Arrangementet er ein del av Etterspel, ein programserie i regi av Dei nynorske festspela. Du finn fleire arrangement på festspela.no.  

  • Type:
  • Tid: 17. oktober 2020 - 12:00 - 14:00
  • Stad:Kubbestøylen i Romedalen, Ørsta
-->