Tilbake til alle arrangement

Konsert med Synne Vo

fredag, 11. juni 2021
Bilete av Synne Vo.

Fredag 11. juni entrar popkometen Synne Vo scena på Studenthuset Rokken. 22-åringen frå Lesja i Gudbrandsdalen har på kort tid blitt ein av Noregs mest lovande popartistar.

Synne Vo er eit friskt pust på den norske musikkscena, med sjarmerande gudbrandsdalsdialekt og fengjande organisk pop. Førstesingelen «Ett Minutt» frå det komande debutalbumet hennar fekk mykje merksemd frå musikkbransjen i vinter, og låten vart ein stor hit.

– Synne Vo er som skapt for å opptre på Festspela. Ho er ein stolt dialektbrukar med ei formidlingsevne og ein karakter av dei sjeldne, seier festivalprodusent Mathias Remmereit.

  • Type:
  • Tid: 11. juni 2021 - 21:00 - 22:00
  • Stad:Studenthuset Rokken