Tilbake til alle arrangement

AVLYST – Odd Nordstoga med band

fredag, 12. juni 2020

Som ein av to festspeldiktarar under Dei nynorske festspela 2020 ser Odd Nordstoga fram til å servere ein staseleg kveld til publikum i Ørsta og Volda. Fredag 12. juni tek han med seg sitt eige band til Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet og spelar både gamle, nye, og kjende og kjære songar frå sitt rikhaldige repertoar, 23 år etter platedebuten.

Odd Nordstoga er fødd 10. desember 1972 i Vinje i Telemark.I 1997 debuterte han som plateartist og har sidan gitt ut 13 eigne album. I tillegg til verksemda i sine eige band, har Nordstoga arbeidd med ei rekkje ulike utøvarar.

– I løpet av Dei nynorske festspela skal Odd Nordstoga få syne fram fleire sider av seg sjølv som artist og tekstforfattar, men det er sjølvsagt at vi må ha ein kveld der han får skine saman med sitt eige band, seier Olav Øyehaug Opsvik.

Nordstoga har med seg ei strålande rekkje røynde musikarar på scena: Gitarist Øyvind Blomstrøm, trommeslagar Torstein Lofthus, bassist Tor Egil Kreken og pianist David Wallumrød. Det er også dei same musikarane ein kan høyre på den siste plata hans så langt: Kløyvd (2018).

– Nordstoga er ein svært aktiv og produktiv kar, og vi kan nok vente oss ein del nytt også i 2020, seier programansvarleg Øyehaug Opsvik. Den folkekjære artisten blir også å sjå i fjernsynsprogrammet «Hver gang vi møtes» på TV 2 i løpet av vårhalvåret 2020.

Nordstoga har fått fleire prisar. I 2003 fekk han og Øyonn Groven Myhren Spellemannprisen i klassa for folkemusikk/gamaldans for plata «Nivelkinn». I 2004 vart han årets spellemann og beste mannlege artist. Same året fekk han prisen for god offentleg språkbruk, Vinje kommunes kulturpris og Folkemusikkprisen. I 2007 fekk han endå ein Spellemannpris, denne gongen for musikken til barneprogrammet «Jul i Svingen». For samarbeidsprosjektet og plata «Heimafrå» fekk Nordstoga Spellemannprisen saman med Ingebjørg Bratland i 2013.

I 2014 vart Odd Nordstoga saman med broren Aasmund Nordstoga kåra til Årets nynorskbrukar.

 

 

Kjelde: Ida Habbestad: «Odd Nordstoga», Allkunne.no, https://www.allkunne.no/framside/biografiar/n/odd-nordstoga/97/1318/

  • Arrangør: Dei nynorske festspela
  • Telefon: 70 04 75 70
  • E-post: post@aasentunet.no
  • Type: Konsert
  • Tid: 12. juni 2020 - 20:00 - 21:30
  • Stad:Ivar Aasen-tunet
  • Lengd:90