Tilbake til alle arrangement

Tingingsverket 2021

fredag, 11. juni 2021
Sigmund Løvåsen

Tingingsverket 2021 er ved festspeldiktar Sigmund Løvåsen og komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli. Lyrikken og musikken blir skapt i samspel, og vi ventar ei heilt unik oppleving i Ørsta kulturhus.  

Festspeldiktar i 2021 er Sigmund Løvåsen frå Trysil. Sidan debutromanen Nyryddinga i 2003 har han gitt ut ei rekkje romanar, skodespel og diktbøker. Løvåsen var også leiar i Den norske Forfatterforening frå 2012 til 2017. 

Erlend Apneseth og Frode Haltli er begge røynde og prislønte musikarar og komponistar i skjeringspunktet mellom folkemusikk og samtidsmusikk. Dei har mellom anna samarbeidd på albumet Salika Molika (2019), som fekk Spellemannprisen i kategorien Åpen klasse.

  • Type:
  • Tid: 11. juni 2021 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Ørsta kulturhus