Avsluttar «Etterspela»: ​Ein kveld med Tore Renberg på Ørsta kulturhus

Bilete av Tore Renberg
Tore Renberg, foto: Hilde Renberg

Det har vore eit annleis år også for Dei nynorske festspela. Etter Digitale festspel 2020 i sommar har arrangementsrekka «Etterspel» gått gjennom hausten. Den vert avslutta med Tore Renberg på Ørsta kulturhus komande fredag.

Etter fleire fulle hus – innanfor gjeldande rammer og reglar – og arrangement med artistar som Henning Sommerro og Odd Nordstoga, diktarvandring i haustvêr i Romedalen og gode samtalar om lyrikk, musikk og fotball, avsluttar Dei nynorske festspela 2020 offisielt med Tore Renberg på Ørsta kulturhus komande fredag. 

Tore Renberg inviterer til samling rundt leirbålet i haustmørket. For den siste romanen hans, Tollak til Ingeborg, fekk han nettopp Bokhandlerprisen 2020, og no hentar han ei ny utgåve av «Ein kveld med Tore Renberg» opp av hatten. Den varme, forunderlege og morosame framsyninga han har turnert land og strand med deisiste fem åra. Om du enno ikkje har sett multikunstnaren frå Stavanger live, bør du gripe sjansen.  

Med seg på scena har han gitaristen Alexander Flotve.  

NB: På grunn av smittevernreglane blir det lagt ut svært få billettar. Ver tidleg ute!  

Tore Renberg (f. 1972) er ein av dei mest lesne og anerkjende forfattarane i landet. Han har gitt ut ei rekkje bøker, bl.a. moderne klassikarar som Mannen som elsket Yngve, Kompani Orheim og Du er så lys. Han er også kjend for dei burleske romanane i Teksas-serien. Renberg er i tillegg musikar, med to soloalbum bak seg og eit tredje i vente.