Daniel Kvammen møter Fredrik Høyer i Aasentunet 30. september

Daniel Kvammen og Fredrik Høyer
Songpoeten Daniel Kvammen, møter den poeten Fredrik Høyer til ein samtale om å skrive, og å leve av og med songar og dikt. Foto: Simen Skreddernes og Ole Kristiansen.

Utøvarane som kjem til Aasen-tunet 30. september representerer ein ny generasjon diktarar og artistar. Dei startar programrekkja «Etterspel» som skal gå utover hausten i Ørsta og Volda.

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og det kinesiske ordet for lyrikk «shi», tyder ordsong. I denne programposten har songpoet Daniel Kvammen fått invitere med seg ein poet han har lyst til å møte, og valet fall på Fredrik Høyer. Dei to møtest til ein samtale om inspirasjon, om å skrive og å leve av og med, songar og dikt. Det blir også laga rom for at vi spissar øyrene, og lyttar til lyrikken. Daniel Kvammen og Fredrik Høyer deler både song og dikt med publikum.

I Daniel Kvammens musikalske univers møter bygda, byen, og tenåringsangsten den store kjærleiken – både den lukkelege varianten, men også det underfundige, ulukkelege og ettertenksame. Med låta «Du fortenar ein som meg» kom suksessen så og sei over natta, men Daniel Kvammen har etablert seg som ein solid låtskrivar med brei appell. På hans neste album, Guta som gret, dukkar han inn i det såre og eksistensielle, og singelen «Falle frå jorda» snurrar no på radio.

Fredrik Høyer er poet, forfattar, og skodespelar, kjend for sine sterke litterære og musikalske opptredenar. Med ein fascinasjon for rap, hip-hop og jazzlyrikk blandar han treffande linjer med oppfinnsame rim og humor i munnlege gatedikt. Diktsamlinga Grønlandssutraen vart sett opp for fulle salar på Nationaltheateret og fekk Liv Ullman til å uttala at ho hadde vore med på ei stjernestund. Han er for tida aktuell med technopoesi-prosjektet «Til alt ute», saman med Bendik Baksaas.

Lytt til lyrikken er ein programserie i regi av Nynorsk kultursentrum. Møtet mellom dei to unge diktarane og artistane er også ein del av programrekkja «Etterspel» i regi av Dei nynorske festspela.