Dei nynorske festspela vert digitale

Virusutbrotet gjer at Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet, Ørsta og Volda vert avlyst. – No planlegg Nynorsk kultursentrum i staden eit digitalt tilbod utover våren og sommaren, og nye opplevingar til hausten, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark.

Dei digitale festspela 2020
I mai, juni og juli 2020 gjennomfører Nynorsk kultursentrum digitale festspel. – Mange av utøvarane som skulle til Ørsta og Volda lagar i staden digitale samtalar og opplevingar som vi publiserer på nynorsk.no, seier programansvarleg Olav Ø. Opsvik. Dette vert lansert undervegs på sosiale medium for Festspela og Aasen-tunet og på nynorsk.no.

Nynorsk kultursentrum planlegg arrangement seinare. – Dato og program kjem vi tilbake til, men festspeldiktarane Odd Nordstoga og Stein Versto kjem til bygdene våre når det er trygt å vere på kulturarrangement igjen, seier programansvarleg Olav Ø. Opsvik. 

Pengar tilbake
Alle som har tinga billettar eller pass får tilbod om til-gode-lapp til nye arrangement i regi av Nynorsk kultursentrum eller pengane tilbake. Aasen-tunet har denne dialogen på e-post. 

– Vi førebur oss på å skape gode møteplassar for språk, litteratur, kultur og kunnskap når denne krisa er over, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet Tone Slenes.

Avlyser arrangement
Nynorsk kultursentrum avlyser arrangement denne våren.  Planleggingshorisonten gjer det vanskeleg med noko anna. Museet planlegg å opne for sommarsesongen 20. juni. – Vi er klare til å opne museet og skape gode opplevingar i Ivar Aasen-tunet, Vinjestoga og Hauge-senteret når verda er meir tilbake i vanleg gjenge, avsluttar Sandsmark.

Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje
Helga 28.–30. august arrangerer Nynorsk kultursentrum Litteraturdagane i Vinje. To helger etterpå, 11.–13. september, går Ulvik poesifestival av stabelen. Nynorsk kultursentrum avgjer før fellesferien om desse to arrangementa vert gjennomførte.