Digital festspelsamtale om rasisme

Bilete av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen
Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Foto: Samlaget

Dei nynorske festspela er i år digitale. Nynorsk kultursentrum publiserer jamleg nye bidrag i form av både tekst, video og lyd på nynorsk.no. Fredag 5. juni kjem ein episode til den nye podkasten «Nynorsk no», som tematiserer litteratur om rasisme i USA og også ser denne problemstillinga frå eit norsk perspektiv.

I episoden møter samtaleleiar Anna Kleiva forfattarane Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen, som har gjendikta to verk av den amerikanske forfattaren Claudia Rankine: «Medborgar» og «Det kvite kortet». 

– Dette opptaket blei spelt inn fredag 29. mai, berre nokre dagar etter at George Floyd blei drepen av politibetjentar i USA og folk der tok til gatene for å demonstrere mot rasisme og politivald. Såleis har denne samtalen blitt enda meir aktuell enn vi først trudde, i og med at diktinga til Claudia Rankine nettopp handlar om spørsmål om rasisme, klasse og meir, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Olav Øyehaug Opsvik, i podkasten.