Godt samarbeid med lokale aktørar
Olav Øyehaug Opsvik, Gaute Øvereng, Anne Ellingsen, Odd Magne Vinjevoll og Hanne SteinsvikFoto: Sunniva Lund Osdal

Godt samarbeid med lokale aktørar

– Festspela vil gå føre seg på 19 eksterne arenaer i år, i tillegg til alt som skal skje i Aasen-tunet 7.–10. juni. Vi er svært glade for det det gode samarbeidet med fleire lokale aktørar, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik om det innhaldsrike festspelprogrammet.

– I år er Festspela flytta tre veker fram og dette gjer at vi kan inkludere skulane på ein heilt ny måte. Vi har også fått til eit breitt samarbeid lokalt, og håpar at vi kan nå ut til endå fleire enn tidlegare år, seier Opsvik.

Godt samarbeid med lokale aktørar
Olav Øyehaug Opsvik, foto: Sunniva L. Osdal

Festspela har mykje kjekt program for borna, blant anna besøk av Linda Eide, Terje Torkildsen, Roald Kaldestad og Atle Hansen. På Volda bygdetun møter dei Silje Sirnes Winje og lesegledar Trond Strand til festsprell, og Arnfinn Kolerud vil lese frå boka Snillionen på Austefjordhelg. I tillegg deltek han på arrangementet på Ørsta folkebibliotek som er i samarbeid med Nynorsksenteret.

Torsdagen opnar Kaihuset i Ørsta dørene med kjekke aktivitetar og underhaldning av Terje Torkildsen. Festspelfrukosten i Volda blir på Spinneriet og her får borna også eit spennande møte med Heidi Marie Vestrheim og Knølkvalen Kai. Dette arrangementet er i samarbeid med Volda Næringsforum og Volda frivilligsentral.

Det er også eit tett samarbeid med Ørsta Næringskontor og Volda og Ørsta kunstlag om festspelfrukosten laurdag føremiddag. Her blir det liv i gatene med kor og korps, god mat og opning av Kunstgata ved festspelutstillar Roar Hagen. Torsdagen opnar Hagen utstillinga Kven er vi? Ei utstilling om å høyre til på Kunsthuset i Ørsta.

Tradisjonen tru blir det Målbar på Møre Folkehøgskule med musikk og gode samtalar om språk. Her vil også Svein Olav Humberset si utstilling Samtidsruinar, inspirert av boka til Marit Eikemo, vere open alle dagar.

Konserten med Jon Olav på Rokken, ope Kaihus og 12-konserten er eit direkte resultat av ny dato for Festspela. Laurdag føremiddag blir det eit unikt møte mellom dei to felespelarane Jorun Marie Kvernberg og Susanne Lundeng i Volda kyrkje. Lundeng vil også spele på Aasen-stemnet søndag.

Det årlege festspelarrangementet Kaffi, bokstaveleg talt blir på Fru Svendsen, Det Grøne Treet og Fugl Føniks kaffibar, med forfattarane Bersveinn Birgisson, Gjertrud Langva og Hilde Kvalvaag.

Festspelprogrammet finn du her

Kjøp billettar