Publikumsrekord i 2018
Sigrid MoldestadFoto: HumbersetFoto

Publikumsrekord i 2018

Ny festspeldato opna dørene til fleire arenaer og nye programkonsept. Det førebelse gjestetalet på 7823 er det beste nokon gong.

– Det er særleg gledeleg at dei mange programpostane om språk og litteratur nådde ut til så mange, både til allmenta og til meir enn tusen skuleelevar. Slikt gir meining for ein institusjon som arbeider med heile den nynorske skriftkulturen, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet

Festspeldiktar Marit Eikemo takkar for tilliten og fire fantastiske dagar: – Takk til eit strålande entusiastisk publikum som fylte salane på alle arrangement og som bidrog til den fabelaktige festivalstemninga. For meg har dette vore eit eventyr, ein festival med høgt fagleg nivå på alle arrangement, interessante, overraskande og underhaldande samtalar og strålande konsertar, seier Eikemo, som også fekk overraskande mange sunnmøringar til å ete hakkasteik frå Hardanger, som var festspeldiktarens favoritt på kafémenyen.

70 programpostar med høg kvalitet og stor variasjon i innhald har gitt publikum alt frå gode samtalar om festspeltemaet identitet, tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen, operaen Kimen av Magnar Åm, ei særeigen, litterær vising av eit hus til sals med Frode Grytten og festspeldiktaren, mykje liv i sentrumsgatene og sterke, musikalske opplevingar i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet.

– Godt samarbeid med lokalmiljøet og innsatsen til den faste staben, alle ekstrahjelpene og dei mange frivillige er heilt avgjerande for at Dei nynorske festspela kan vere så innhaldsrike og femne så vidt som vi gjer, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik, som er svært nøgd med å ha flytta Festspela til tidlegare i juni. – Det har gitt oss mange fordelar og nokre få ulemper å framskunde Festspela, samstundes som vi ser grep vi kan gjere til neste år for å bli endå betre.

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen
• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 27. gong
• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst
• Om lag 70 medarbeidarar og frivillige avvikla 70 arrangement
• Om lag 200 utøvarar var med på Festspela
• Årsbudsjett på 2,2 millionar kroner
• I 2019 blir Dei nynorske festspela arrangerte 13.–16. juni