Dei tre beste kronikkane om morsmål
Marit EikemoFoto: Agnete Brun

Dei tre beste kronikkane om morsmål

Ingeborg Litlestøl, Hanne Kleinhans Krogsæter og Mathias Sørbø har skrive dei tre beste kronikkane om morsmål. I morgon avslører juryleiar Marit Eikemo kven som har vunne konkurransen.

Det er fjerde året Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten samarbeider om ein skrivekonkurranse for ungdom mellom 16 og 20 år. I år er sjangeren kronikk, som kan fungere som ei utdjuping av diskusjonar og meiningsutvekslingar i sosiale medium. Teksten skal vere på nynorsk, og ikkje lenger enn 5 600 teikn inkludert mellomrom. Temaet for konkurransen er morsmål, som òg er temaet for Festspela i år. 

Vinnaren får 5 000 kr, og vert avslørt på ungdomsarrangementet på Volda samfunnshus fredag 24. juni kl. 17.00. Juryleiar er forfattar Marit Eikemo. Med seg i juryen har ho hatt Hild Nordal frå Sunnmørsposten og Anders Aanes frå Ivar Aasen-tunet.  

Dei tre kandidatane som kan vinne konkurransen er:

Ingeborg Litlestøl
Morsmål - nøkkelen til identitet

Der er fleire faktorar som påverkar vår identitet og korleis andre oppfattar oss. Forskjellige hjelpemiddel kan gi andre eit inntrykk, som til dømes kleda ein ber eller profilbilete på Facebook. Kanskje kva du et til middag eller val av framkomstmiddel til arbeid. Likevel. Det er når munnen opnar seg, at verdiar og historie blir kjent. Morsmålet vårt seier litt om kven vi er, kvar vi kjem frå og kvar vi har høyrt til. Det vil gi oss ei kjensel av tilhøyrsle. Ei kjensle som er god. Å sjå viktigheita av morsmål er difor avgjerande.  

 

Last ned fil1212 Ingeborg Litlestøl.pdf(1 6 9kb)

Hanne Kleinhaus Krogsæter
Er morsmålet så viktig som vi skal ha det til?

Morsmålet vårt er ein viktig del av identiteten vår. Dette er noko som er verdt å bevare, men til dags er det stadig truga frå mange kantar. Det står ovanfor både internasjonal, men også nasjonal konkurranse. Eg er bekymra for at morsmålet mitt eller dialekta mi skal døy ut. 

 

Last ned fil1212 Hanne Kleinhaus Krogsæter.pdf(4 1 1kb)

Mathias Sørbø
Bør vi ta vare på små språk? 

Per i dag finst det rundt 7000 språk i verda, men den store majoriteten blir berre snakka av eit fåtal menneske, nokre har kun eit tosifra tal brukarar. Utviklinga er at dei store språka tek over som morsmål for mange av desse små språka. Då må ein spørje seg, kor viktig er eigentleg morsmålet? Kva går tapt når vi misser desse språka?

Last ned fil1212 Mathias Sørbø.pdf(8kb)