Festspel med nye perspektiv
Eg ler meg ihelFoto: Martine Leine Rafteseth

Festspel med nye perspektiv

Under Dei nynorske festspela 2016 ar temaet morsmål sett den nynorske språksituasjonen inn i eit internasjonalt perspektiv. Utøvarane skryt av eit engasjert publikum som på si side fekk unike kunstnarlege opplevingar og ny innsikt.

Hovudpersonen, festspeldiktar Ruth Lillegraven, fortel at ho kjem til å minnast Dei nynorske festspela 2016 med stor glede og takksemd.

– Det har vore spennande, varierte og givande dagar som festspeldiktar. Ikkje minst var det fint å kunne formidle litteratur til alt frå små born i bygdetunet til godt vaksne på omsorgssenteret. Eg er glad for at eg ved to høve fekk lese saman med to kvinner som har lese på sine morsmål, persisk og arabisk. Stas var det også å samtale og opptre saman med dyktige programleiarar og forfattarkollegaer – og ikkje minst fantastiske musikarar, seier Lillegraven.

Dei nynorske festspela opna med eit nynorsk dikt på arabisk og avslutta med musikk som bryt ned språkgrenser. På morsmålskafeen vart det lese på tigrinja, og i løpet av festspeldagane møtte publikum tysk, persisk, kanadisk-engelsk og fleire andre morsmål. Utøvarane har formidla kunnskap og erfaringar, og gitt publikum ei fagleg oppdatert og nyansert forståing av korleis kvardagen er i det fleirspråklege norske samfunnet.

Regnet stoppa ikkje publikum frå å fylle Uteamfiet kvar kveld, og mest publikum trekte Ingebjørg Bratland fredag kveld. Det førebelse publikumstalet er 5375 og billettsalet er om lag som budsjettert.

I år var det heile 55 arrangement i Ivar Aasen-tunet og rundt om i vertskommunane Ørsta og Volda. Den nye satsinga Festsprell for born vart godt motteke. Arrangementa strekte seg frå framsyning om latter, via fotball og familiedag til lesestunder på biblioteka i Ørsta og Volda og på barneboktuer i åtte kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord.

 

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

• Ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

• Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 25. gong

• Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

• Over 80 medarbeidarar og frivillige avvikla 55 arrangement

• Over 100 utøvarar var med på Festspela

• Årsbudsjett på 2,2 millionar kroner

• I 2017 blir Dei nynorske festspela arrangerte 29. juni – 2. juli