Morsmål skal vere tema for Festspela 2016

Morsmål skal vere tema for Festspela 2016

Under Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016 er morsmål valt som tema. Temaet er særskilt aktuelt i ei tid der straumen av menneske over landegrensene er stor.

– Vi ønskjer å løfte fram kva morsmålet betyr for den einskilde og kva språkmangfaldet har å seie for oss som samfunn, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet. Som menneske har vi alle eit morsmål. Kva skjer med sjølvkjensla når ein ikkje blir forstått og strevar med å uttrykkje akkurat det ein ønskjer å formidle på det språket som møter ein i kvardagen, kanskje i eit nytt land?

Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og blir i dag gjerne kalla førstespråk.

I seinare år har omgrepet endra tyding og blitt synonym for språka til dei som har andre morsmål enn nynorsk, bokmål og samisk. Dei nynorske festspela vil sjølvsagt også løfte fram kor viktig det nynorske språket er for kring 600 000 menneske.

Noreg er eit språkrikt samfunn. I skuleåret 2014/15 var det registrert elevar med undervisning i 108 ulike morsmål i tillegg til den ordinære undervisninga, viser tal frå Språkfakta 2015. Dei tre største innvandrarspråka var somalisk, polsk og arabisk. – Vi vil sjå nærmare på kva dette betyr for samfunnet vårt i arbeidet med ei eiga temautstilling fram mot Festspela 2016, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng.

Dei nynorske festspela femner om språk, litteratur og musikk. – Gjennom over 40 arrangement 23.–26. juni 2016, ønskjer vi å gjere alle stolte av morsmålet sitt, avsluttar Widerøe. Festspelpassa for 2016 er allereie lagde ut for sal.