Festspeldiktaren
Carl Frode TillerFoto: Akam1k3

Festspeldiktaren

13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Festspeldiktar Carl Frode Tiller i samtale med Margunn Vikingstad. I samarbeid med Aschehoug

Carl Frode Tiller har hausta lovord frå både kritikarar og lesarar heilt sidan han debuterte med romanen Skråninga i 2001, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Sidan har han vunne ei rad prisar for romanane sine, først og fremst trilogien Innsirkling. Her stig hovudpersonen langsamt fram for oss gjennom dei til dels motstridande minna og forteljingane som ulike personar i livet hans legg fram.

Tiller er den første festspeldiktaren frå Trøndelag, og han meiner sjølv at nynorsken har mykje av æra for forfattarskapen hans. – Eg har så mykje å takke nynorsken for. Han gav meg sjansen til å bruke trønderdialekten min i det eg skriv, og hadde det ikkje vore for det, veit eg ikkje om eg hadde vore forfattar i dag. Eg hadde iallfall vore ein dårlegare forfattar, sa Tiller då han vart utnemnd til festspeldiktar.

I Salen snakkar festspeldiktaren om sin eigen forfattarskap med kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad.

Fredag 14. juni
13.00–13.45 Ivar Aasen-tunet
Kr 200 / student og ungdom 150
Kjøp billett