Forteljingar om mor og barn
Foto: Tale Hendnes, Pernille Walvik

Forteljingar om mor og barn

14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Randi Fuglehaug og Kristina Leganger Iversen i samtale med Kristin Fridtun

Kva kan forteljingar om morskap og fødsel seie oss om dagens Noreg?

I fjor kom journalist og forfattar Randi Fuglehaug med boka Alt vel med mor og barn. Boka inneheld historier om fødslar fortalde av kvinner i alle aldrar frå alle delar av landet. Dei har fødd heime, på vegen, i lufta, til sjøs, for tidleg, for seint, midt under ein krig, og 22. juli 2011.

– Forteljingar om fødslar er også nyare norsk kvinnehistorie. Og medan det i dag er vanleg å dele fødehistorier med kvarandre, så snakka eg med fleire eldre kvinner som aldri hadde blitt spurde om dette før, seier Fuglehaug. Fødslar blir ofte gode forteljingar, meiner ho. – Du har ein tydeleg narrativ struktur, med ei heltinne som må overvinne ei stor hindring.

Fuglehaug samtaler med forfattar (og nokså nybaka mor) Kristina Leganger Iversen, som til hausten kjem med boka Bli mor no?, om å vere i slutten av tjueåra, mellombels tilsett og lure på om ein tør å få barn.

Fredag 14. juni
14.30–15.15 Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett