Forteljingsfabrikken
Foto: privat, Yngvild Gotaas Torvik

Forteljingsfabrikken

18.45–19.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Anna Kleiva og Egil Olsen deler forteljingar om og frå Los Angeles og Hollywood

Fredag kveld samtaler Anna Kleiva og Egil Olsen om det kontrastfylte ved den største forteljingsfabrikken i verda, Los Angeles.

Forfattar Anna Kleiva kom i fjor med Echo Mountain, ei «portrettbok» om Los Angeles. Reiseskildringane i boka er skrivne frå ulike ståstader og i ulike sjangrar, og tek opp kontrastane mellom det biletet vi har av byen gjennom film og populærkultur, og opplevinga ved å vere der. – Sol, rike folk og bilar er jo der, men i mange nabolag ser du noko anna som er meir kaotisk og skite, og det er fleire spennande folk der enn ein trur, sa Kleiva til NRK Radio i fjor haust.

Kleiva deler kjærleiken til LA med kveldens samtalepartnar, songar og tekstforfattar Egil Olsen, som ofte reiser dit i samband med konsertar og kunstnarlege samarbeid – slik mange andre norske kunstnarar også gjer. – Dei forteljingane folk kjenner best i dag, er laga i Hollywood, og det låg i bakhovudet mitt då eg las boka til Kleiva, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik. Kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad leier samtalen.

Fredag 14. juni
18.45–19.30 Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett