Ivar Aasen-minneforedraget
Foto: privat

Ivar Aasen-minneforedraget

10.00–10.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-minneforedraget: Sogeskriving og modermord. Førsteamanuensis Eli Bjørhusdal om kvinner i den nynorske kulturhistoria

Kvar vart det av kvinnene i den nynorske kulturhistoria? I årets minneforedrag snakkar Eli Bjørhusdal om kvifor dei første nynorskkvinnene har fått så liten plass i historiebøkene. – Då eg skreiv hovudoppgåve om dei tidlege målkvinnene, las eg ei mengd aviser knytte til norskdomsrørsla på den tida. Der finst dei, men dei kom likevel ikkje med i den nynorske kulturhistoria, seier Eli Bjørhusdal, som i dag er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Målkvinnene vart på eit vis dobbelt marginaliserte, fortel ho. Dei som skreiv historia om målrørsla, interesserte seg for dei viktige motkulturelle målmennene, men ikkje for kvinnene. Samstundes var kvinnesakas historieskrivarar mest interesserte i dei høgt utdanna riksmålskvinnene i kvinnesaksrørsla, som var orienterte mot utdanning og urbane kulturelle ideal. – Ei kvinne som Aasta Hansteen vart lenge framstilt berre som kvinnesakskvinne. Rolla hennar som målkvinne er underspela både i språkhistoria og i kvinnehistoria, seier Bjørhusdal. I tida etter at ho skreiv hovudfagsoppgåva, har det vore fleire debattar om kjeldebruk og kjeldekritikk i sakprosa og røyndomslitteratur i Noreg. – Kven er det som kjem til syne i kjeldene, kva status tillegg vi ulike historiske dokument, og korleis endrar den statusen seg med tida? Eg gleder meg til å snakke om målkvinnene i lys av desse nyare debattane, seier Bjørhusdal. – Det å vere både målkvinne og kvinnesakskvinne i 1850- og 60-åra var utruleg tøft og outrert, og burde vere av interesse for historikarane.

Fredag 14. juni
10.00–10.45 Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett