Kaffi, bokstaveleg talt
Foto: Tove K. Breistein, Sturlason

Kaffi, bokstaveleg talt

11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta
Susanne Skogstad les frå "Svartstilla" og Åsmund H. Eikenes les frå "Håkon"

Kaffi og litteratur har det til felles at dei begge skjerpar tanken og merksemda. Kva er vel då betre enn litt høgtlesing til formiddagskaffien?

Fredag kan du høyre to unge forfattarar lese utdrag frå bøkene sine på Fugl Føniks kaffibar. Susanne Skogstad debuterte hausten 2018 med romanen Svartstilla. Den aldrande kvinna som er hovudpersonen, har mista mannen sin, og den sterke sorga endrar både henne og tilhøvet til dei tre barna. Romanen har fått mykje ros for det poetiske språket og for ei levande skildring av den store livsendringa hos ei kvinne som sjølv skal døy om ikkje altfor lenge. Åsmund H. Eikenes er biolog og har utgitt sakprosabøker om kroppen vår, men her les han frå den første romanen sin, Håkon. Hovudpersonen, ein homofil mann i 30-åra, forlèt sambuaren, ramlar inn i eit nytt forhold, men drøymer om ein tredje mann. Romanen skildrar ein homofil karaktertype som er mangelvare i norsk samtidslitteratur, meiner Eikenes. – Boka handlar mellom anna om følgjene av å vere betre på kroppsleg nærleik enn på å kommunisere emosjonelt, seier han.

Fredag 14. juni
11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta
Kr 80 / student og ungdom 60
Kjøp billett