Konsert på Volda omsorgssenter
Foto: Sunniva Lund Osdal

Konsert på Volda omsorgssenter

11.00–11.30 Volda omsorgssenter
Elevar frå musikklinja ved Volda vidaregåande skule
Gratis

Musikklinja ved den vidaregåande skulen i Volda har oppfostra mange store talent. Kanskje er det ei komande stjerne du får høyre her.

For folk flest i Ørsta og Volda er musikklinja ved Volda vidaregåande skule meir enn ei skulelinje. Det er ein kulturinstitusjon. Kvart år tek den faste kyrkjekonserten og den storslåtte musikalen pusten frå hundrevis av gjester. Publikum over heile landet har opplevd elevar herifrå på scena eller på store talentprogram på fjernsynet. Under Festspela får vi eit intimt møte med eit utval musikkelevar som skal framføre sin favorittmusikk med nynorsk tekst.

 

11.00–11.30 Volda omsorgssenter

13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta

Konsert

Elevar frå musikklinja ved Volda vidaregåande skule

I samarbeid med Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka og Den kulturelle spaserstokken

Gratis