Målbar: B. R. U. S.
Foto: Tone Solhaug, pressebilde

Målbar: B. R. U. S.

22.00–02.00 Peisestova, Møre folkehøgskule, Ørsta
Skattar frå den nynorske vinylhistoria med Arild Torvund Olsen og Olav Hove

Du går vel ikkje og legg deg utan ein tur på Målbar? Som alltid blir det kveldsnedtrapping – eller opptrapping, alt ettersom – på Møre Folkehøgskule kvar kveld under Festspela.

Fredag er Olav Hove og Arild Torvund Olsen tilbake med nye skattar frå den nynorske vinylhistoria. Dei kjem til å utnytte festspeltemaet «forteljingar» for alt det er verd. – Vi spelar songar om dei store forteljingane: livet, døden, kjærleiken og midtlivskrisa, seier Torvund Olsen. – Den nynorske vinylhistoria har både dei store tekstforfattarane, og enkle trubadurar som prøver å handtere store tema. Vi må vise fram heile spennet. Og Ivar Medaas er sjølvsagt med. Ingen må uroe seg for det. Sjølv om dei no har spela plater på Festspela i mange år, er det ingen akutt fare for at dei skal sleppe opp for materiale. Torvund Olsen supplerer stadig platesamlinga med både nye og eldre utgivingar. – Plater er heldigvis plasseffektivt i hylla, samanlikna med til dømes servise, seier han.

Fredag 14. juni
23.15–23.45
Målbar
22.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett