Mari Boine
Foto: Gregor Hohenberg

Mari Boine

20.00–21.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Oppvarming ved slampoet og årets unge samiske kunstnar i 2018, Ánná Káisá Partapouli

Mari Boine inntek uteamfiet fredag kveld med si særeigne blanding av jazz, rock og samisk tradisjonsmusikk. – Denne kvelden kjem publikum hovudsakleg til å få høyre dei samiske songane mine, inkludert ein nyskriven låt, seier Mari Boine. I tillegg får vi nokre smakebitar frå det siste albumet hennar, See the woman, som kom ut i 2017 med tekstar på engelsk. Å syngje på engelsk var eit eksperiment ho hadde hatt lyst til prøve lenge. – Då eg byrja som artist, var det jo ikkje sikkert at det å syngje på samisk ville vere ein suksess. Eg utfordra meg sjølv den gongen, og no ville eg gjere det same igjen ved å prøve noko nytt, seier ho.

Med sitt særmerkte og personlege uttrykk har Mari Boine skapt seg eit stort namn på den internasjonale musikkscena, men dei færraste forstår dei samiske songtekstane. Det engelske albumet vart for mange – også henne sjølv – ei påminning om kor viktig morsmålet er. – Eg fekk tilbakemelding frå mange som sa at dei ikkje vil forstå kva eg syng. Då forsvann litt av magien for dei. Når eg syng på eit språk folk flest ikkje forstår, taler eg ikkje først og fremst til hovudet, men til alt det som ligg bakom, seier ho. Med seg på scena har ho Georg Buljo på gitar og Gunnar Aukland på trommer. Det blir oppvarming ved Ánná Káisá Partapouli

Fredag 14. juni
20.00–21.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Mari Boine
Kr 400 i amfiet / 300 honnør / ungdom 300 / barn 200
Kjøp billett